Det var litt før klokka 19.30 ein lastebil på veg nedover bakkane mot Larsnes køyrde av vegen og enda liggande på sida.

Politiet melder om "ingen dramatikk og ingen peronskade" etter utforkøyringa.

Brannvern og politi rykte ut til staden, like ovanfor krysset mot Hallebygda. Der vart trafikken si stund stoppa i begge køyretningar, før ein etterkvart fekk sleppt forbi bilane sidan vegen ikkje var sperra.

Spor på staden syner at lastebilen har kome utanfor vegen og deretter køyrt gjennom autovernet, for deretter å velte på sida i småskogen ved fylkesveg 61.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend.