Larsnes/Gursken si tapsrekkje held fram. Torsdag kveld vart det 0-4 heime mot SIF/Hessa.

Sett vekk frå ein periode i slutten av første omgang og nokre minutt etter pause, var det lite som stemte for Larsnes/Gursken denne kvelden.

Kampen opna for så vidt jamnt, men to balltap i bakre rekkjer i det 23. og 30. speleminutt førte til at veteran Nils Ottar Sandø scora to mål. Dødeleg effektivt, men slik er ofte fotballen når nivået kjem opp på eit visst nivå. Då vert ein straffa for slike feil. 40-åringen "Otto" veit kvar målet står.

Om laga kanskje hadde ballen like mykje, var det nokre viktige forskjellar. Så snart LGFK skulle til å angripe, stokka det seg gong etter gong. Det verka nemleg rimeleg planlaust i dei avgjerande fasane. Mot slutten av første omgang kom heimelaget betre med, også sjansemessig. Største målsjansen til sandssokningane før pause kom då Henrik Eidheim forserte langs sida, slo inn Anders Vaagen, som flikka vidare til Robert Auflem Vik. Men keeperen redda skotet meisterleg.

Elles registrerte vi tendensar til frustrasjon allereie før pause for LGFK, slik det gjerne plar vere for eit lag i motgang. Litt innbyrdes kjefting i laget er ikkje likt det LGFK-laget vi kjenner frå før.

Fin start på andre omgang

Etter pause heldt LGFK fram den byrjande fine trenden. Laget skaffa seg også nokre bra moglegheiter - mellom anna etter at dei spelte meir i lengderetninga og soleis tok SIF/Hessa sine bakre rekkjer litt på senga. Nærast kom Leiv Sindre Muren på ei fin heading som mange såg i mål. Men igjen redda Kristian Klementsen gjestane frå byen.

Lufta såg etterkvart ut til å gå litt ut av heimelaget, og då SIF/Hessa auka til 3-0 var det i praksis "game over". Emil W. Nilsen plussa på til 4-0 etter eit soloraid på ei kontring, og då var det ein del av heimefansen som sette kursen heim att. Siste del av kampen var prega av ei lang rekkje frispark og mykje frustrasjon.

Laget HAR kvalitetane, men i denne kampen var det dessverre eit nærast felles problem for LGFK-spelarane at mange av pasningane ikkje sat. Nokre av heimelaget sine spelarar var heiderlege unntak. Og så kom mangelen på ein skikkeleg måltjuv dessverre godt til syne igjen. SIF/Hessa hadde eit hakk meir vinnarvilje og fekk naturlegvis ei solid dose sjølvtillit etter dei to Sandø-scoringane i første omgang.

LGFK står med fattige fem poeng på ni kampar. Neste kamp går igjen på Larsnes stadion, nærare bestemt komande onsdag - mot Valder.