- Vi har tatt våre førehandsreglar med tanke på vêret som er meldt. Festivalen går som planlagt, men konsertane med Elise Nærø på torsdag og unge talent på fredag er flytta til Fosnavåg Konserthus. Sixpack og Steinar Engelbrektson er flytta inn i teltet.

Dette opplyser Karl Petter Sortehaug til Vestlandsnytt onsdag ettermiddag.

Hauststorm i juni

Torsdag er det nemleg venta full storm med vind på mellom 25-30 meter i sekundet langs kysten av Noreg. Farevarselet er på oransje nivå og omfattar Hordaland til Trøndelag sør for Trondheimsfjorden. I desse områda er det venta sterk kuling utsette stadar, ved Stad og i høgfjellet opp i full storm.

– Dette blir eit skikkeleg uvêr av den typen vi er vant til om hausten, seier meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt.

På grunn av dette er det uforsvarleg og sette opp scena i Fosnavåg for både artistar og publikum, fortel festivalleiinga. Telta blir derimot ståande,då desse skal tole vindkasta.

- Det blir ein del omrigging og styr for oss som arbeider med festivalen, men arrangementet går som planlagt og programmet er det same. Vi oppmodar alle om å kome og støtte opp om festivalen sjølv om det blir litt ruskete på Torsdag. Sommarfesten blir fortsatt ei flott oppleving sjølv om veret ikkje er heilt på vår side, fortel Sortehaug.

Sikre lause gjenstandar

Kastevindane er det som kan gjere mest skade. Meteorologane ber derfor folk vere forsiktige og ikkje legge ut på båttur eller fjelltur. Fjern lause gjenstandar, fest trampoliner og tenk over om du bør ta inn hagemøblane.

Spelar Gratiskonsert: Elise Nærø har med seg fullt band til Fosnavåg på torsdag. Foto: Pressefoto