Frå politiloggen i helga er det tre meldingar som relaterer seg til Herøy.

Natt til laurdag, ved midnatt, var det fartskontroll i 80-sona i Tjørvågane. Der vart ein bilførar teken med ei fart på 121 km/t. Det resulterte i at vedkomande ei stund blir utan førarkort.

Like over midnatt natt til søndag vart det også gjort førarkortbeslag. Denne gongen i ytre Herøy, nærare bestemt på Buholmvegen. I 60-sona vart ein gut i slutten av tenåra teken med ei fart på 103 km/t. Dermed vart også han utan førarkort.

Frå politiloggen nemner vi elles at ein mann i 60-åra vart teken for promillekøyring i Ulstein. Det skjedde litt over klokka 02.30 natt til søndag. "Er rusa", skriv politiet på Twitter om tilstanden til mannen. Også han fekk førarkortet inndrege, og i tillegg ventar eit etterspel i retten.

Søndag ettermiddag rykte politiet og til "eit gjentakande problem" i Ulsteinvik. Frå ein bustad har det vore eit problem for naboane med høg musikk som strøymer ut frå bustaden. Vedkomande lova at han no skulle skrue ned.

Utforkøyring

Søndag ettermiddag skjedde det ei utforkøyring på Herøy-sida av Dragsundbrua. Ein bil køyrde av vegen, og det vart store materielle skadar. Til alt hell kom det melding om at dei to som sat i bilen var relativt uskadde. Det vart beslaglagt eit førarkort som fylgje av ulukka.