Juanita valde batteriløysing ved Myklebust Verft

Myklebust Verft har hatt ei "dame" med spanskklingande namn på besøk for oppshining.
New Articles

Etter fire år i suksessfull drift, var Ugland-fartøyet Juanita no tilbake for å få installert batteri hybridsystem om bord. Lavare drivstofforbruk og reduksjon av skadelege utslepp er viktige motiv, og hybridsystemet gjer også at Juanita no kan koplast til landstraum.

- Juanita var eit særs innovativt fartøy då ho vart levert frå Kleven, og det er kjekt å få ta del i å gjere henne enda meir attraktiv på markedet, seier Inge-Jonny Hide, plassjef ved Myklebust Verft, i ei pressemelding.

Batteria er i stand til å levere 678 kWh, og kan mellom anna brukast til å ta toppane av lasten til motorane slik at motoren får ei jamn last, til dømes når båten går i bølger. Batteria kan også brukast som reservekraft, og tek over lasta dersom eine motoren stansar.

- Det at motorane kan operere på ei meir optimal belastning og at ein reduserer antal motorar som må gå, vil gi lavare drivstofforbruk og redusere skadelege utslepp, seier Kristian Granberg, prosjektleiar i Wärtsilä.

Saumlaus integrering

To preinstallerte konteinarar med kraftelektronikk og batteri er no montert i bakkant av styrehuset, og hybridsystemet er saumlaust integrert i det eksisterande kraftdistribusjonssystemet frå Wärtsilä.

- Dette har vore eit spanande prosjekt for Myklebust Verft, og eit godt døme på at den grøne bølgja som kjem over oss også kan tilføre oss nytt og interessant arbeid. Å ha kompetanse på installasjon av hybridsystem og batteripakkar ser ut til å verte viktig framover, seier Hide.

I tillegg til installasjonsarbeidet har verftet også utført fem-årleg klassearbeid med service på alt av framdrift, thrustarar, ror med meir, samt fått nytt bunnstoff og maling.

- Vi valde Myklebust Verft fordi vi har gode erfaringar frå tidlegare opphald, samt at dei gav eit konkurransedyktig tilbod på jobben, seier Teknisk sjef og prosjektleiar Karl-Otto Tokerud i Ugland Marine Services AS.

Juanita forlet Sunnmøre i helga, og ligg no i Florø og testar landstraumtilkoblinga.