Erhard Hermansen ny generalsekretær i Norges Kristne Råd

Styret i Norges Kristne Råd (NKR) har avgjort at det blir Erhard Hermansen som tek over som generalsekretær når Knut Refsdal sluttar over sommaren.

Pastor Erhard Hermansen i Herøy frikyrkje blir ny generalsekretær i Norges Kristne Råd.  Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

New Articles

Hermansen arbeider i dag som pastor i Den Evangelisk Lutherske Frikirke i Herøy på Sunnmøre (Herøy frikyrkje), og har solid erfaring med økumenikk og leiing på både lokalt og regionalt nivå. I sin grunngjeving trekkjer styret særleg fram at Hermansen har vist styrke som brobyggar på fleire tidlegare arbeidsplassar, og at han har god forståing for økumenikk og «kirkene sammen».


- Eg har genuin interesse for økumenisk arbeid, seier Erhard Hermansen.

- Eg gler meg over moglegheita til å jobbe i Norges Kristne Råd og ser fram til å byrje i ei av dei mest spennande leiarstillingene i det kristne landskapet.