- Det var ei gleppe i fjellet som det ikkje var tatt høgde for. Til alt hell er der ingen personskade, opplyser lensmann Tor Sæther på staden.

Utbyggaren hadde gjort det meste rett i forkant av sprenginga.

- Dei varsla med sirene og stengde trafikken, men det viste seg likevel at botnen ikkje var sikra, slik at det vart steinsprut, og nabohuset vart skada, seier lensmannen.

Eit vitne på staden fortel at han merka smellet godt. Vedkomande stod på verandaen å snikra då det skjedde.

- Eg såg relativt store steinar flyge opp og lande i området rundt staden, fortel han.

Skade på hus

Ved første augekast ser det ut til at det er bordkledninga og eit vindauge i huset som er skada.

- Om der er meir omfattande skader veit eg ikkje, seier lensmannen.

Det vert manuell dirigering fram til politiet er ferdige med å ta naudsynte bilde, og til vegen er ferdig rydda.

Politiet opprettar undersøkingssak.