Sande kommune har dårleg økonomi seiest det. Dette skulle ein ikkje  tru når ein ser korleis og til kva midlane har vore brukt siste åra. For å bøte på dette vil ein i første omgang legge ned Sandsøy og Gjerdsvika skular.

Sandsøy skule slit med elevtalet, det er eit faktum. Elevtalet i ein krins varierer, noke det alltid har gjort. Men denne gongen nyttar ein høvet etter som skulen står så lagleg til for hogg. Framlegget går ut på å flytte elevane til Kvamsøy skule som førebels ikkje skal nedleggast, i følgje administrasjon og politikarar.

Ein kan lure på om dei som bestemmer i ei slik sak, har full oversikt over følgjene av eit slikt vedtak. Kommunerekneskapet vil nok på papiret sjå betre ut når ein ser på dei kronene ein sparer ved å seie opp folk. Men kva så? Kor mange av elevane flytter til Kvamsøya? Fleire av foreldra står klar til å førebu flytting til ein annan kommune. Dei som kunne tenkje seg å busetje seg her, vil sjølvsagt ikkje finne på slikt. Kva med Kvamsøy skule om nokre år? Her kan sikkert sparast meir som kan gå til gode føremål elles i kommunen. Ein kan lure på om Sande kommune på sikt er hendt til å overleve i det heile når ein tenkjer litt lenger enn administrasjon og politikarar tydelegvis gjer i denne saka.

Det er  oppsiktvekkjande  at slike saker blir køyrt på denne måten! Ingen har nemnt kva eit slikt vedtak vil føre til for bygda og dermed kommunen på sikt.

Med respekt å melde: Foreldra og innbyggarane på Sandsøya har krav på at før eit så grunnleggande og viktig vedtak blir gjort må det utarbeidast ein KONSEKVENSANALYSE av følgjene. Det skulle berre mangle!

  1. Kor mange av dei aktuelle elevane kjem til å flytte til Kvamsøya?

  2. Kor mange av foreldra tek med seg borna til andre kommunar?

  3. Kunne kommunestyrerepresentantane sjølve tenkje seg å sende sine eigne 6-7-8-åringar over land og hav på ein slik måte?

  4. Korleis har forresten kommunen tenkt seg skyss og tilsyn?

  5. Korleis blir skuledagen for desse borna?

  6. Kva med event. arrangement og liknande på skulen på ettermiddags- og kveldstid?

  7. Konsekvensar for busetnaden i framtida?

  8. Kva skjer når industrien flytter ut og butikk og post blir lagt ned?

  9. Er dei tilsynelatande innsparte midlane i kommunerekneskapet reelle?

Alt dette og mykje meir til må utgreiast før den einskilde kommunestyrerepresentant har peiling på kva dei skal vere med på å vedta.

Før alt dette ligg føre, må saka utsetjast!

Asbjørn Vorren