Eg er frustrert, kjenner eg.  Eg er engsteleg også, og i tillegg er eg ganske forbanna, må eg innrømme.

Sidan 1996 har eg og min familie stått på for å skape næring på Sandsøya. No gjer Sande kommune det beste for å sabotere oss, kjenner vi. «Den enes død, den andres brød» seier ordtaket. Slik er det ikkje her, for vi døyr ikkje, men vi kan verte nøydde å flytte på oss på grunn av maktsykje, tankeløyse og særs slett framdrift på fastlandssambandet. Eg lurer på kven som døyr til slutt då?

Det er på tide å få hovudet ut av sanden og tenkje på konsekvensar og ringverknader som kan verte større enn det ALLE ynskjer.

Vi er ikkje så mange, nei, det er rett, akkurat no, men vi har heller ingen forsvarleg veg å frakte skuleborna på, endå. Og dei som meiner at borna frå øyane er «tandre» kan no vere velkomne til å sende sine born utover i fjorden. Slike utspel er i beste fall vasprat.

Kven reiser mest av borna i denne kommunen i utgangspunktet? Dei er med på trening innom land. Går det an å reise utover for å trene? Nei det er svært vanskeleg, bortimot umogleg!

Der er foreldre som har uttalt at det er galskap å skulle sende born med ferje. Dei foreldra bur ikkje berre her. Dei bur på Larsnes, dei bur i Gursken, dei bur i Gjerdsvika, dei bur på Kvamsøya. Det er travelt nok for vaksne folk å pendle med ferja, og vi veit at der er lærarar som bur innom land som har gitt seg på det fordi dei har mistreivst med reisevegen, men desse vil no at borna skal tvingast ut på ei slik ferd som dei sjølve ikkje såg seg syn med…. Det er rett og slett ei skam!! Igjen, barnets beste..?

Drageskaret er visst eit farleg vegstykke. Her er det ikkje spesielt triveleg å sende borna med buss… slike utspel høyrer vi og støtt.. kva skal vi meine om det? I tillegg; Vi har og lese i Vestlandsnytt at dette som de no held på med vert samanlikna med nedlegging av skular i Haugsbygda og på Skredestranda…. Er det relevant?? Har de misst gangsynet fullstendig??

Sidan 1987 har vi venta på Sande Fastlandssamband. Vi ventar endå, MEN vi trur på det. Likevel så må vi seie at det verkar som om det er sterke krefter i kommunen vår som IKKJE vil ha dette sambandet opp og gå. Kva er det slags haldning til «sine eigne»? Eller er vi kanskje ikkje det?

Det er enorm mangel på respekt! Her har vi kava med ferjemateriell «frå helvete» sidan tidenes morgon, ferjelemmane våre er «rotne». I følgje fagfolk er det meir sannsynleg at lemmen på Voksa vil ramle i havet enn at han ikkje gjer det. Kva skal vi meine om haldningane frå administrasjon, politikarar og fylke då??

Under valkampen i 2015 hadde eg besøk her på kontoret av ulike politikarar, Høgre, Arbeidarpartiet mm. Alle desse hadde den gongen lovnadar om å gjere det betre. Om å få til fastlandssambandet, om å bevare skulane på begge øyane inntil dette sambandet er avklart og på plass. Kva gjer de no? Jau, det vi kjenner er at vi vert dolka i ryggen. Alvorleg!!

Vi har bygt opp bedrifta vår her på Sandsøya, og det trass i at vi i starten ikkje fekk støtte frå Sande kommune. Vi måtte til Vanylven for å få hjelp. Nverande fylkesordførar Jon Aasen var den som hjelpte oss i gang når vi vart svikta av «våre eigne». Vi har jobba mot straumen gong etter gong, men vi har klart oss. Vi har vore med på spleiselag for å få til allmenningskai, vi har henta inn folk som har busett seg her på øya med familie og kjøpt seg hus. Dei siste to denne veka… Kva meiner politikarane og administrasjon at vi skal seie til desse no?

Er det slik at vi har så liten verdi vi som bur på øyane? Er det så lett å berre skyte oss i senk på denne måten? Det er faktisk det de gjer. De reddar ikkje Sande om det er det de innbiller dokke, og det som gjer meg aller mest forbanna er at de lar det gå utover borna våre, framtida vår!

«Våre» politikarar i Sande Vest har jammen fått køyrt seg den seinare tida. Dei har blitt stilte til veggs av mange, då dei har gått til val på det å bevare skulane slik dei er, så lenge foreldra vil. Dei har forstått det! Men dei har jammen meg arbeidd i motvind den siste tida. Det er eit under at dei er på beina!  Det har likevel kome oss for øyre at det er andre politikarar som hevdar at foreldra på øyane vil ha borna i større miljø? Då undrar vi oss på om de har mista evna til å lese? Av alle dei høyringsuttaler som har kome frå øyane så inneheld dei alle eit unisont NEI til endring før her er vegtilbod. Er det vanskeleg å forstå?

Spesielt Arbeidarpartiet var innom oss under valkampen og forsikra oss om at dei ikkje ville sende borna på havet for å gå på skule, så Sande vest er ikkje åleine om den saka. Etter ulike utspel ifrå den kanten er vi spent på om skulen skal vere for borna, eller om han skal vere til for vaksne – altså som Kaare Worren sa i sitt innlegg førre veke; generering av arbeidsplassar? Eller ein stad for borna å lære, og vere trygge?... Eg skulle gjerne ha sett desse menneska i augo og spurt dei om det er borna sitt beste dei tenkjer på, for det tvilar eg sterkt på.

Eg er forbanna ja, eg er frustrert og eg er lei av å arbeide i ei kommune der det vert lagt ut spikarmatter i fleng akkurat no. Den kommunen lever ikkje lenge på dette viset.

MVH

Nina Rusten Sande