Straffa er sett til eitt år og sju månader. Fullbyrding av seks månader av straffa er utsett med ei prøvetid på to år. 125 dagar med varetekt kjem til frådrag.

Forholda mannen er dømd for, skjedde alle i tidsromet frå hausten 2017 og fram til februar i år.

Stor mengde amfetamin

Under ei ransaking på mannen sin bupel vart det 31. oktober i fjor funne heile 139,57 gram amfetamin. Tidlegare same dag, i Ålesund, slo han ein mann slik at sistnemnde fekk brot i nasen. I februar i år dytta den dømde ei kvinne slik at ho fekk lettare skader. Det skjedde i Ulsteinvik.

Like før jul i fjor var mannen også innom Herøy vidaregåande og stal ein bærbar PC, ein gitar og eit fotoapparat som tilhøyrer skulen.

Etter nyttår tok han mellom anna to kamera og ein ring tilhøyrande ei kvinne i Ålesund. Han vat på eit tidspunkt også teken på fersk gjerning etter å ha brote seg inn i butikken Alfr. Nesset i Ålesund.

Grove trugslar

Mannen har også truga folk på det grovaste. Han har også brote kontaktforbod mot bestemte personar.

Den dømde mannen gjorde i vinter også hærverk i Herøy på ein av politiet sine tenestebilar. Grunnlaget for straff omfattar også ruteknusing i Ålesund og bering av kniv på offentleg stad. Tiltalen gjeld også meir oppbevaring av narkotika og ei menge Rivotril-tablettar. I tillegg gjeld tiltalen også nasking i fleire butikkar i Ålesund og Ulsteinvik.

I retten møtte mannen og erkjende seg skuldig i dei aller fleste forholda i tiltalen. I rettsforklaringa kom det elles fram at mannen tidleg tok til med illegale rusmidlar, og at han har prøvd å kome seg vekk frå miljøet. Spesielt tøff var perioden frå oktober 2017 til midten av februar 2018. Alle forholda skjedde medan han var påverka av rus, eventuelt i kombinasjon av fleire medikament.

Retten finn likevel grunn til å streke under at mannen skal dømast som om han var edru.

«Får ein sjanse»

I formildande retning tel det at mannen utan atterhald har vedgått lovbrota og bidrege til ei enkel oppklaring av sakene. Sidan han vart fengsla, har han halde seg vekke frå rus. Han er motivert for behandling og har fått plass på eit behandlingssenter.

«Den tiltala får eit incitament til å kome seg ut av eit skadeleg miljø som har ført til ei rekkje kriminelle handlingar på kort tid. Han får soleis ein sjanse til å vise at han vil gjere alvor av sine planar om å starte på nytt og sørge for å kome seg vekk frå rus og eit skadeleg miljø».

Slik heiter det i retten si vurdering, kopla inn mot det faktum at ein del av straffa er på vilkår.