Ikkje har eg born i skulen, og mine eigne born har av ulike årsaker flytta ut av kommunen, men likevel vil eg slå eit slag for Gjerdsvika skule, ikkje minst fordi det ser ut til å vere få Sande-politikarar som er opptatt av denne flotte skulen, men også for å støtte dei som står bak  ‘For oss som vil behalde barneskule, SFO og barnehage i Gjerdsvika’, og andre som kjempar for skulen.

Ja, det burde absolutt vore fleire born i Gjerdsvika, langt fleire born. Men dette går litt i syklusar, og ein får uansett ikkje fleire born ved å fjerne eit tilbod som har vore viktig for at mange likevel har busett seg i bygda, også nyetablerte familiar som no er fortvila over å kunne miste skulen, medan andre er på veg til å busetje seg, og som no er usikre på kva dei har i vente.

At fleire av dei 23 elevane som i dag høyrer til småskulen i Gjerdsvika, går ved Møre barne- og ungdomsskule, er eit foreldreval ein fullt ut må respektere, sjølv om det også er heilt klart at alt ‘tap av elevar’ svekkar grunnlaget for ein skule i ei bygd som Gjerdsvika. Men dagens situasjon er uansett ikkje det normale, for tradisjonelt er det få Gjerdsvik-elevar som går ved denne private skulen.

Eg er sjølv varm tilhengar av samarbeid mellom bygder, og at elevane frå ulike bygder skal kome inn i større miljø etter nokre år, og gjerne alt frå 4.- 5. klasse. Det finst også situasjonar der det absolutt kan vere fornuftig å leggje ned skular, også småskulen i Gjerdsvika, men då for å få noko betre og som ein lekk i ein godt fundert strategi. Men situasjonen er at ein i Gjerdsvika i dag har eit velfungerande oppvekstsenter med tett samarbeid mellom barnehage, småskule og SFO. Her er også gymsal og ballbinge integrert. Det er slike løysingar politikarane normalt etterspør, og det er også slike løysingar som er billegast å drive. Det viser også tala for Gjerdsvika skule. Det er ein billeg skule.

Og så opplever ein altså at oppvekstsjefen og dei aller fleste politikarane likevel ivrar for å leggje ned småskulen i Gjerdsvika, og automatisk også bidreg til å skape utryggheit for om det er slik at SFO og barnehage er det neste som forsvinn.

Etter mitt syn er dette ein farleg strategi. Og om det er slik at det ein periode er vel få elevar i ei av dei tre bygdene på Sande-delen av Gursøya som i dag har skule, er det altså like langt frå Gursken til Gjerdsvika – som omvendt, og det same frå Larsnes til Gursken. Eg kjenner sjølv mange gurskingar som har gått nokre år på skule i Gjerdsvika, og tilsynelatande slett ikkje tatt skade av det.

Det finst altså mange ulike modellar som vil sikre skuletilbod både i Gjerdsvika, Gursken og Larsnes, og der Gjerdsvika har 1. – 5. klasse som i dag, eller har andre fornuftige modellar. Og uansett kva ein landar på er det i alle fall heilt unødvendig å bruke pengar på bygging av nye bygg eller utviding av eksisterande.

Gjerdsvika er i dag den mest utsette av dei tre Sande-bygdene på Gurskøya. Bygda treng sårt dei samlings- og kontaktpunkta som finst i dag, og det er ei altfor lett oppgåve å peike på ei lang rekkje negative konsekvensar når ein av dei viktigaste delene av eit sårbart byggverk vert fjerna. Men samstundes er dette ei bygd med eit imponerande aktivt næringsliv, og denne bygda har meir enn ein gong vist seg å stå imot både stormar og orkanar.

No skal staten også bruke store summar på hamneutbygging, noko som garantert vert eit stort løft for bygda og dermed også for kommunen. Ein skulle tru at det naturlege i ein slik situasjon var å utnytte dette til noko positivt og leggje til rette for vekst.

Men svaret er altså å leggje ned Gjerdsvik-skulen. Og når ein les kva oppvekstsjef og sentrale politikarar uttalar, så virkar det heile nokså destruktivt pessimistisk. Det hadde vore så fint å sjå kreativ optimisme med vilje til å sjå opp frå Excel-arka, spele på lag med innbyggjarar som kjempar for bygdeutvikling og finne dei gode og framtidsretta løysingane. Dei innbyggjarane finst nemleg i alle bygder, også i Gjerdsvika. Og om ein då kjem fram til at ei skulenedlegging er positivt for elevar, foreldre og bygda, så er det heilt greit, og det vil også skje utan splid og misnøye.

Men det som kanskje er vanskelegast å forstå no, er at nedleggingsentusiastane ser ut til å vere villige til å fatte slike dramatiske vedtak på eit svært så spinkelt fagleg grunnlag utan grundige analysar av konsekvensane. Det heile virkar svært lite gjennomtenkt, der det i alle fall utanfrå ser ut som at enkelte aktørar av ein eller annan grunn har bestemt seg for å ofre småskulen i Gjerdsvika for å presse fram nedlegging av minst ein av 1-10-skulane på Sandsøya og Kvamsøya. Slik hestehandlarlogikk kan fort vise seg å verte eit smerteleg sjølvskot, for slik resultatet no ser ut til å varte eg er heilt sikker på at dette er ei veldig dårleg løysing for Gjerdsvika som bygd, men eg er også temmeleg sikker på at dette er ein veldig dårleg idé for Sande som kommune.

Så det er all grunn til å rope eit kraftig varsku her!

Kjetil Haanes