Det var på tidlegflyet frå Istanbul til Oslo den dramatiske situasjonen oppstod laurdag 12. mai.

- Om lag eit kvarter etter avgang skjedde det. Fire seterader framfor meg vart det brått eit stort oppstyr, med røyk frå setet og folk som styrta bort frå desse plassane. Ein mann som nok hadde prøvd å sløkkje med hendene, fekk tydelegvis brannskader på fingrane. Mannskapet kom raskt til og fekk kontroll på situasjonen, mellom anna med bruk av sløkkjeapparat, fortel Lidvar.

Støkken sit i meg

Vel heimkomen til moderlandet tenkjer han med skrekk og gru på kva som kunne ha skjedd om dette kom ut av kontroll.

- Brann om bord i eit fly er no verre enn brann på eit båt. Det er i utgangspunktet ein heilt forferdeleg situasjon. Eg må berre medgje at støkken framleis sit i meg.

Lidvar seier ein mann med asiatisk opphav såg ut til å vere vedkomande som stod bak. Mannskapet på flyet heldt også fram ein lighter-liknande gjenstand som truleg har vore brukt då det tok til å brenne.

Protokollføring og behandling

- Mannskapet var resten av flyturen mykje opptekne med å protokollføring og undersøking av den aktuelle seterada som også vart evakuert for resten av flyturen. Mannen med skadene på hendene fekk kyndig behandling.

- Men flyet snudde ikkje?

- Nei. Turen heldt fram som før. Ei stund var det ei skikkeleg sur brende-lukt i flyet, men denne gjekk ut av systemet etterkvart, fortel Lidvar.

- Ingen spesiell informasjon til passasjerane?

- Nei. Og eg trur heller ikkje alle ombord oppfatta det, med tanke på størrelsen på flyet. Men alle rundt desse seteradene fekk det sjølvsagt med seg.

Han meiner det må vere noko "ruv ruskande gale" når folk tek sjansen på leike seg med open flamme i eit fly. Gurskingen seier til Vestlandsnytt at han berre reknar med at denne episoden fører til at vedkomande som stod bak, får seg ein alvorleg smekk over fingrane.

Lidvar Bøe var på veg heim frå ferieopphald på Kypros då branntilløpet skjedde.

Vestlandsnytt har retta ein førespurnad til Turkish Airlines om denne saka, utan så langt å ha fått noko tilbakemelding på det som er omtala.