Fylkesrådmannen vil legge ned bokbåten

Fylkesrådmannen har i si innstilling til kultur- og folkehelseutvalet tilrådd å ikkje vidareføre ordninga med bokbåten, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Epos  Foto: Fylkesbiblioteket

New Articles

– Nye krav til fylkeskommunen si rolle i biblioteksektoren, og auka krav om tilrettelegging, gjer at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner den i dag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Onsdag 16. mai skal kultur- og folkehelseutvalet ta stilling til om ordninga med bokbåt i Møre og Romsdal skal vidareførast. Kontrakten med dagens leverandør går ut 31. august 2018.

– Vi veit at det er sterke kjensler knytt til bokbåten, og at eit slikt forslag kan verke som eit tap for dei kommunane som no mister eit tilbod. Samstundes trur vi at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, og at alle i sum sit igjen med eit betre bibliotektilbod enn dei gjer i dag, seier Wedlog Olsen

Alternativ løysing

Fleire alternative løysingar, inkludert ei vidareføring og styrking av bokbåttilbodet, har vore diskutert. Men kostnadane for kjøp eller leige av eit nytt fartøy er for store for dagens rammer, argumenterast det i saksutgreiinga.

– I staden ønsker fylkesrådmannen no å legge fram ei sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer, og korleis dette kan styrke fylkesbiblioteket si rolle som regionalt kompetansesenter og nav for bibliotek og litteraturformidling i fylket. Målet er å nå ut til større aldersgrupper med sentralt tilrettelagte opplegg for debattar, scenekunst basert på litterære verk, konsertar, forfattarmøte, bokbad og anna som har vore etterlyst i biblioteka, heiter det på mrfylke.no.