- Mine opplysingar om skadesituasjonen er at vedkomande, som er lærling om bord i ferja, etter forholda har det bra.

Det sa regionsjef Inge Andre Utåker i ferjeselskapet Norled til Vestlandsnytt tysdag kveld.

Då vi tok kontakt med Utåker for ein kommentar om denne saka, kjende han først ikkje til den alvorlege hendinga. Ikkje lenge etter ringde han tilbake med ei statusoppdatering.

Kom i klemme på køyrebrua

- Det eg får opplyst frå dei om bord, er at ulukka skjedde i samband med rygging om bord i ferja. Ei kvinne som skulle reise frå Voksa til Kvamsøya kom litt skeivt ut. Lærlingen signaliserte at ho skulle køyre framover igjen. Så var det ein manøver frå sjåføren som førte til at lærlingen kom i klem mellom rekkverket og bilen, på køyrebrua. Han fekk klemskader i bukregionen og fekk i tillegg foten overkøyrd, forklarar Utåker.

Den unge mannen fekk skader i samanstøyten, og det vart bestemt at han skulle hentast med helikopter til sjukehuset i Ålesund.

Veit ikkje om politiet var involvert

- Eg veit ikkje det fulle skadeomfanget, men tilbakemeldingane kan tyde på at han unngjekk skader på indre organ, seier Utåker.

- Vart politiet kontakta?

- Det kjenner eg ikkje til. Men eg meiner mannskapet handla heilt rett då dei raskt fekk hjelp til vedkomande, seier regionsjefen.

- Dette med rygging om bord, er ikkje det ein ekstra usikkerheitsfaktor?

- Det er som kjent vanskelegare å rygge enn å køyre om bord. Men dette er eit firkantsamband der det vanskeleg let seg gjere å praktisere "køyr inn - køyr ut", slik vi til dømes ser på pendelferjer, svarar Inge Andre Utåker.

Regionsjefen er alt anna enn nøgd med at han først fekk kjennskap til denne saka gjennom media. Samstundes er han glad for at den tilsette raskt fekk hjelp, og at den unge mannen kan sjå ut til å ha sloppe unna med berre lettare skader.

- Vi kjem naturleg nok til å ta ei grundig evaluering av denne ulukka. Det vil mellom anna involvere også vedkomande som sat bak rattet, sa Utåker til Vestlandsnytt tysdag kveld.

Ulukka skal ha skjedd rundt klokka 16.30 tysdag 8. mai.