AgriMare Bio vinnar av NæringsTEFT!

Ein liten børstemark, ein genial idé og eit gigantisk marknadspotensiale førte AgriMare Bio heilt til topps i NæringsTEFT-finalen torsdag kveld. – Vi er éin million kroner og hundrevis av erfaringar rikare, seier dei lykkelege vinnarane.

Mellom topp tre: Annelise Chapman frå Herøy (midten), Joar André Vasstein (til vesntre) og Petter Marius Synnes i Alliansen Seaweed gjorde det særs godt i konkurransen, og vart dessutan overraska med 200.000 kroner i premie under "Børs & Katedral".  Foto: Kristin Støylen

New Articles

Konseptet NæringsTEFT er utvikla av Sparebanken Møre i tett samarbeid med ÅKP, ProtoMore og NTNU i Ålesund. Under finalen på banken sitt investorseminar «Børs og Bacalao» kunne nær 600 personar frå næringslivet i regionen oppleve at det var AgriMare Bio som stakk av med den gjeve førstepremien på 1 mill. kroner.
 


Trippel botnlinje

– Vi har nesten ikkje ord, men vil takke for den fantastiske reisa vi har fått vere med på, sa dei tre gründerane bak AgriMare Bio; Lene Stenseth, Charlotte Thunes Hansen og Emma Lovise Sunde frå scena.

AgriMare Bio har bygd sin forretningsstrategi rundt landbasert storskala-oppdrett av børsemark ved å utnytte høgverdig slam frå oppdrettsanlegg. Børstemarken inneheld marint protein og feitt, som igjen skal brukast i fôr til oppdrettsnæringa.

I si grunngjeving framhevar juryen at AgriMare Bio har teke tak i to store miljøutfordringar innan den globale akvakulturnæringa, og gjort dette om til ein forretningsidé. Selskapet skaper sirkulær økonomi ved å bidra til å løyse eit stort avfalls- og miljøproblem – samtidig som dei aukar tilgangen på berekraftige marine ingrediensar av høg kvalitet. Konseptet er knytt til 9 av FN sine 17 berekraftmål, og er ei løysing med trippel botnlinje; miljøløysing, matproduksjon og berekraft.

 

Starta som studentbedrift

Dei tre gründerane møttest då dei studerte Biomarin innovasjon ved NTNU Ålesund. Etablering av studentbedrift i 2016 vart etterfølgt av aksjeselskap allereie året etter, og det unge selskapet har allereie hausta fleire prisar. I dag er dei medlem i den biomarine klynga «Blue Legasea», og har både ÅKP og Sintef Ocean som viktige samarbeidspartnarar.

– Ingen av oss hadde tidlegare drøymd om å bli gründerar, men no er vi heilt hekta. Vi tenkjer på børstemark, forretningsplanar og pilotprosjektet døgnet rundt, og den største draumen er blitt å få jobbe med dette på fulltid. NæringsTEFT-reisa og premien på éin million kroner gjer dette realiserbart, seier vinnarane.



Stor respons på konseptet

I løpet av NæringsTEFT har 10 semifinalistar teke del i ein fleire månadar lang kompetansereise som har inkludert alt frå juridisk og digital rådgjeving til utvikling av eigne promofilmar. Blant topp 3 var også BagID og Alliansen Seaweed, og heller ikkje dei gjekk tomhendte frå finalen. Sparebanken Møre overraska nemleg med å dele ut 200.000 kroner til kvart av selskapa, for å støtte vidareutvikling og realisering av ideane.

– Responsen på NæringsTEFT har vore fantastisk bra. Det har gitt oss ei klar stadfesting på at vi har ein kultur for skaparglede, kreativitet – og ikkje minst teft i regionen vår. Sparebanken Møre ønskjer å vere både ein pådrivar og deltakar i denne kulturen, seier adm. direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal.