(Lesarinnlegg)Mong ein gong har vi lese innlegga til Øystein Storeide i Vestlandsnytt og Sunnmørsposten. No er det på tide med eit motsvar. Underteikna er klar over at ein ikkje kan lære ein gamal hund nye triks, men det er ikkje dét dette handlar om. Dette er til alle unge jenter og gutar der ute, og til alle dei vaksne som er i liva deira.

Lat ein ting vere klinkande klart, vi er medvitne om at meiningane til Øystein Storeide høyrer heime på fyrste halvdel av 1900-talet og at dei ikkje er utprega i landet vårt lenger. Noreg er eit av dei mest likestilte landa i verda, men dette har ikkje kome over natta. Av respekt for alt ein har kjempa for er det difor viktig at vi ikkje ignorerar slike overtramp og let det gå upåakta hen.

Det å hevde at dagens generasjon ikkje er, eller vil verte, gode nok foreldre er ei svært alvorleg tiltale. At jenter og kvinner ikkje kan delta på lik linje med gutar og menn i samfunnslivet, der rettane til kvinna skal vere avgrensa til hus og heim, er å gjere halve Noreg si befolkning til annanrangs innbyggarar.

FN-Sambandet seier det slik: «Kjønnsdiskriminering får store konsekvensar for den sosiale og økonomiske utviklinga i eit land. Når kvinner ikkje får ta del i arbeidsmarknaden, mister samfunnet både arbeidskraft, skatteinntekter og verdifull kjøpekraft. Likestilling er difor ikkje berre ein kamp for kvinner sine rettar; det er også samfunnsøkonomisk smart.»

Mange av innlegga til Storeide har heilt klart hatt diskriminerande utsegn. Ytringsfridomen kjem med eit stort ansvar. Vi set difor spørsmål ved om det er god presseskikk å trykke alt han lirar av seg gong på gong? Sjølv om mange lesarar ser på dette meir som underhaldning enn eit seriøst innslag i samfunnsdebatten, skal ein ikkje kimse av effekten det kan ha. Spesielt i desse tider når ein snakkar om fråflytting av jenter og kvinner frå kommunene på Sunnmøre.

Det som vi har fått til i Noreg, er på mange måtar i ei særstilling dersom ein ser på resten av verdsbefolkninga. Det å bli født jente er rekna som farleg i mange andre land der ein har svært innskrenka rettar og mogelegheiter til å bestemme over eins eige liv. Vidare ser ein i internasjonal sammenheng ei klar skeivfordeling mellom kjønn i parlamenta; staden der dei viktige avgjerdslene vert tekne for eit and gjennom representasjon av heile folket.

Rettar ein blikket heimover er ikkje alt berre fryd og gammen her heller. Industrien ein har i dag vart bygd opp i ei tid der menn dominerte yrkeslivet. Mykje har skjedd sidan då, men organisasjonskulturen og mobiliteten innad i bedrifter ber fortsatt preg av maskuline haldningar med både skjult og åpen maktbruk mot kvinner. Dette høyrer ikkje heime i 2018, og det er dette MeToo kampanjen har teke eit oppgjer med; å få til ei haldningsendring.

Vi må alle arbeide hardt for å kome oss dit vi vil, og lat aldri meiningar og haldningar slik Storeide kjem med vere ein stoppar for dine draumar. Kvinner kan gå både i forkle, med stresskoffert og tilgrisa arbeidskle.

Gratulerer med kvinnedagen 8. mars!

Madeleine Hauge Hide

Ingvild Hagen

Frida Vestnes

Therese Hide

Mira Martine Gjerde

Caroline Moldskred Hauge

Louise Dyrhol Sandvik

Kristine Longva