Jo Strømgrens kompani til Fosnavåg konserthus

8. mars blir det danseframsyning frå Jo Strømgrens kompani på Fosnavåg konserthus.

  Foto: Pressefoto

New Articles

(INNSENDT)

Utøverne i VIRUSET kommuniserer med uforståeleg tale. For dei som har vokst opp med Chewbacca bør det vere lettfattelig.

VIRUSET er ein skrullete etyde over populærkulturen sine framtidsvisjonar. Vi er i ei nær framtid der ting har gått skikkeleg skeis. I ein liten avsidesliggande bunkers fins kilden til elendigheita: ein maskin som forpestar verda med grusomme virus. Eit lite team ser muligheita for å rette opp feilen og gi verda ein omstart. Ein androide blir hyra inn til eit farefullt oppdrag, men det viser seg snart at sjølv maskinelle hjerner kan ha både egenvilje, samvittigheit og ikkje minst eit sjarmerande vesen.


JO STRØMGREN KOMPANI har stadig fornya seg sjølv gjennom ein ekstrem variasjon av sjangrar, frå figurteater til storskala danseframsyningar, frå Ibsen til nyskreve dramatikk, frå filmproduksjonar til provokativ dokumentarisme, frå snevre lysbildeforedrag til populistisk underhaldning. No vel kompaniet å gå tilbake til ein formel som har vore nesten ti år i dvale: det kaudervelske melodrama. Blandinga av listig historieforteljing, uforståeleg språk og store dosar dans er for mange kompaniet sin signatur og ryggrad, forankra i kompaniet sine turnéar i nesten 60 land.

”De beveger seg som en kropp, men smyger seg rundt, over og under hverandre, men forblir en helhet [...] en helt nydelig
sekvens.” Aftenposten