Larsnes IL opplever svært stor aktivitet i klubben også i år.

Ikkje alle hadde sjanse til å møte, men omlag 100 spelarar, trenarar, lagleiarar og støtteapparat hadde møtt opp til dette avsparket for sesongen.

I tillegg hadde mange andre også funnet vegen til Larsneshallen denne dagen av både søsken, foreldre, føresette, besteforeldre osv. Det osa av optimisme og stor entusiasme blant dei som var til stades.

På «tribunen» var det sett opp bord og stolar til dei som berre ville sitte og drodle litt, og dessutan var der kaffi/saft-servering til dei som ynskte dette.

Alle laga fekk utdelt drakter til årets sesong og fotballgruppa hadde rigga opp prøving og bestilling av klubb-kle.

I hallen hadde fotballgruppa engasjert seniorlaga til dame og herrar til å aktivisere alle ungane i ein god time, før det vart bildetaking. Her var det stor og god deltaking frå alle, og det var lagt opp til mange ulike aktivitetar fordelt på fire grupper.

Det vart også observert tendensar til klappe-dansing og bevegelse til musikk og at dei aktive sprang rundt i salen, opp og rundt dei som var tilskodarar og ned igjen i hallen.

Kamp med to fotballar

Det heile vart avslutta med alle aktive i kamp. Dei under 20 år spelte mot dei over 20 år og det var stor jubel då dei yngste sette inn 10–4 målet som vart sluttresultatet.

Undervegs i kampen vart det putta på ein ekstra fotball slik at laga spelte med to ballar, med alt det medførte av forvirring.

Og sjølvsagt vart kampen avslutta med Fair Play-helsing, der dei to laga helste høfleg på kvarandre og takka for kampen slik vi alltid gjer i sesongen også.

Ni lag og 101 spelarar

Larsnes IL kan med dette ønskje 2023-sesongen hjarteleg velkomen og alle dei ni laga som er påmeldt til sesongen er spenna klar for å starte ein ny sesong.

Larsnes IL Fotball har pr. dato 101 påmelde aktive i aldersbestemte og seniorgruppene, noko som er ganske bra for ein klubb som Larsnes IL.

Det vert jobba godt i alle ledd i klubben og ferdigutdanna trenarar, utdanna styremedlemmar, utdanna dommarkorps, osv. står no klar for ny sesong ilag med alle andre i og rundt laga.

Det vi ønskjer å oppnå i Larsnes IL er glede, fellesskap og respekt. Det vi ser og fekk tilbakemeldingar på etter helgas arrangement tyder på at vi har lykkast med dette.