Herøy Blandakor hadde øvd inn ein ny song til denne kvelden, «It is well with my soul» (Det er bra med mi sjel!), og avslutta messa med ein musikalitet som nærmast lyfte oss eit heilt lite stykke nærmare Himmelen!

Og dette høvde godt på ein søndag som, ifølge kyrkjeåret, reknast som hausten sin påskedag. Vikarprest Leidulv Grimstad avslutta preika si med minnet frå president Bresjnevs gravferd i 1982, der enka hans, som eit siste farvel, bøygde seg over mannen sin og teikna krossen varsamt over bringa hans. Og dette trass i det sterke ateistiske draget som hadde vore presidenten sin offentlege ståstad. Trua var livsviktig for denne enka! «It is well with my soul …»

Koret gjorde i det heile eit sterkt inntrykk på den store forsamlinga. Endeleg var det Kveldsmesse igjen, og folket fylte godt opp i kyrkjerommet. Klokkene teier der oppe i tårnet, og koret stemmer i – frå galleriet! Dei fleste hadde ikkje sett dei enno før dei no høyrde dei der oppe – Iver Kleive sitt «Kyrie!» Firestemt, vart og mektig: Ropet frå dei lidande, dei søkande, dei som kjenner på uroa over å vere utanfor det gode lag eller åleine i si sorg og smerte …

Seinare, under nattverden, song dei òg den kjende åndelege slageren «I surrender …» Og Morten dirigent inspirerer både kor og forsamling!

Det er vel stadig eit uavklåra spørsmål om kvar tyngdepunktet i ei Kveldsmesse i Herøykyrkja eigentleg ligg: Nokon held på preika, andre på nattverden. I alle høve er det vanlegvis store forventingar til samtalen. Og denne gongen vart vi vitne til ein særleg sterk samtale. Sigvald Leine var frå gamalt av ven av Sandnes, og den gode kjemien mellom dei var tydeleg.

Vi fekk møte ein mann med eit uvanleg vidt vengespenn. Han har reist mykje og opplevd endå meir. Student i USA, sjømann på dei store hav, reiser i Asia, naudhjelpsarbeid i Afrika, lærar i heimbygda, ordførar i 20 år og inne imellom ambassadesekretær i Zambia og admin. dir av Muritunet og prosjektarbeidar for Riksantikvaren for Verdsarven. Og no Gardsdreng på heimegarden …

• I India møtte han Mor Teresa og Olav Hodne og lærte å sjå dei små, dei som ingen brydde seg om! Her fekk han viktig bagasje med på livsferda: «Det er kjærleiken som tel! Eg kan ikkje leva vidare utan at eg får gjort noko for desse borna!»

• I Zambia vart han og familien utsette for den heilt store skrekken: Stansa av væpna opprørarar, kledde av, bundne fast til kvar sin trestamme for å drepast, men slapp altså frå det med liva i behald. – Kva er det som tel?

• Møtet med dei gresk-ortodokse nonnene og deira planar om klosterbygg på Syltefjellet. – Kven veit? Eg veit i kvart fall at om det nokon gong skal byggjast eit nytt kloster i landet vårt, bør det bli der, seier Sandnes. Og her handlar det om samanheng, vidsyn og storsyn! Sandnes set klosterbyggeprosjektet inn i den lange historia frå dei ortodokse/urkristne kyrkjene i Midtausten, gjennom Heilagolav sitt kristningsprosjekt verk som knytte landet og kulturen vår til den europeiske kristne kulturen. Eit genuint klostersamfunn midt i Verdsarven som desse norske fjordane no representerer, vil bere med seg verdiar og impulsar som kan gagne våre folk i framtida …

foto
Ved kyrkjekaffien: Anton og Ro­hat.

Det vart ein samtale med god glød. Det glødde og av forteljinga om korleis han møtte ho som skulle bli kona hans, ho Inger, og av det vi oppfatta som eit nært, levande og respektfylt samliv – ikkje minst i dei tyngste taka livet møtte familien med. Og dei kom …

Og trua, då, Arne, vil Sigvald høyre meir om. Og det fekk han! Trua er med i alt, for Inger og Arne. Der hentar dei trøyst når det røyner på, og inspirasjon når der ser noko skal gjerast. «Ja, vi bed les for maten. Og vi bed kveldsbøna. Og så går vi til kyrkje på sundagane. Og så set vi liva våre i Guds hand. Og så er det kjærleiken som tel! Trua er aldri åleine. Handlingane må fylgje!»

Så kunne det ikkje passa betre med songen til Herøy Blandakor til slutt: Det er bra, det er godt med min sjel!

foto
BERGS­ØY BLAN­DA­KOR