Tilsvar til: Knut Teige, Oluf Teige, Terje Gjelseth, Anders Teige, Christian Holm, Jan Torgersen m.fl. (Fritt ord Vestlandsnytt 08.02-22)

Vi gjentek:

– Vi på Nordre Teige er ikkje imot ny veg til Kvalsvik, vi ønsker den velkommen, men vi vil ta del i samarbeid med Herøy kommune og Fylkeskommunen i å beslutte kvar veglinja skal gå over innmark og tomte-areal vi eig og/eller bur på!

Vi viser til brev til Herøy kommune og til vårt tidlegare innlegg i Vestlandsnytt den 11. mai 2021, «tilsvar til Terje Gjelseth». Der gir vi full støtte til Herøy kommune om å fullføre regulering av veg til Kvalsvik i tråd med det som var kalla Justert Alt.2. Dette vart også tilrådd også som det beste alternativet av administrasjonen i Herøy kommune pga:

• meir avgrensa terrenginngrep

• unngår nedbygging av areal

• billegaste alternativ

• full støtte frå dei største grunneigarane (ca. 97 % av det berørte arealet) på Teige.

Vi har ikkje fått vore med på å utforme vegtrase. Mange reagerte på muren på utsida av «Skaret». Her finst det alternative løysningar, for eksempel å trekkje vegen inn mot fjellet. Justert Alt. 2 var ei grov skisse over linjeval, og ikkje ein ferdig uttegna veg med tilkomst-vegar og anna. Løysinga viser heller ikkje eksisterande Teigenes veg som ligg parallelt og vil sikre tilkomst til eksisterande eigedomar; Teigebogen, rorbuer, naust samt sjøbuer. Den sikrar også trygg ferdsel for mjuke trafikantar og turgåarar. Vi ønskjer at Herøy Kommune og fylkeskommunen jobbar vidare med dette forslaget (Justert Alt. 2) med diverse justeringar, dersom det er ønskeleg.

Justert alt. 2 vart stoppa først og fremst av Bjarne Kvalsvik i formannskapet fordi han også ville ha steinuttak på «Skaret», på oppsida av vegen forbi Teigenset. Terje Gjelseth, Oluf Teige og fleire gjekk også i mot dette alternativ (justert Alt. 2). Dette var den direkte årsaka til at reguleringsprosessen stoppa opp. Uten desse hendingane, hadde truleg vegen vore regulert eller under regulering i dag. Kommundirektør Aglen m.fl. har også stilt spørsmål ved om kommunen har råd og om det er rett å avsette 10 millionar kr av ei slunken kommune-kasse, til regulering av ein veg som ikkje står på prioritert liste hjå fylkeskommunen.

Det vert difor opplevd som frekt og svært provoserande å lese innlegget med skuldingar om at vi vil motsette oss ny veg og regulering.

Vi ønskjer at Kvalsvikarane og bygda skal få ein god og trygg veg. Skal ein få dette til, må folk i Kvalsvika, på Teige og Kvalsund begynne å samarbeide. Det hjelp ikkje å skape splid i og mellom bygdene, og motarbeide oss som grunneigarar og bebuarar på nordre Teige. Det er veldig lett å meine kvar vegen skal gå, når ein ikkje vert berørt eller må avstå grunn.

Vi grunneigarar har hatt et godt samarbeid med Herøy kommune, og i seinare tid også eit konstruktivt møte med Kvalsvikarane.

Bjarne Kvalsvik har peika ut ein ny trasé til Kvalsvika saman med politikarane i Herøy. Vi som grunneigarar har prøvd å få ta del i samarbeidet om å utforme veglinja, men har fått nei. Dersom det vert prosjektert ei ny veglinje som går på tvers av våre ønskjer, og dette vert «tredd ned over hovuda våre», då vert eit positivt Ja til regulering frå oss gjort om til eit Nei!

Vi håpar også å få til eit samarbeid med Bjarne Kvalsvik, særleg etter denne utsegna på Facebook:

«Herøy kommunestyre er stor eigar i Havlandet A/S. Det er å trosse eigarane sine ynskje, fører sjeldan fram».

For å få flyt i trafikken over den eksisterande Teigevegen, tilbyr vi grunneigarar på Nordre Teige Herøy Kommune grunn til å utvide (bredde) eksisterande veg medan ein ventar på at ny veg skal kome til Kvalsvika. Vi håpar at Terje Gjelseth kan gjere det same, for å bidra til ein tryggare veg over Teige.