Skrive av Monika Haanes Waagan, leiar i Herøy Mållag

Ordninga er nemleg slik, at om ikkje du ber om noko anna, vil meldinga kome på bokmål. Og ikkje berre det: Dette vil og bli oppfatta som ditt generelle språkval av det offentlege. Ekstra viktig er det då at dei unge, som får skattemelding for fyrste gong, er merksame på dette.

I Herøy kommune syner statistikken at i 2020 valde 5.916 skattytarar nynorsk. 1.637 valde bokmål. For Sande kommune var tala 1.825 for nynorsk og 400 for bokmål. Det var og ein del som valde engelsk.

– Eg håpar mange ber om skattemeldinga si på nynorsk, skriv leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto: Skatteetaten

– Eg håpar mange ber om skattemeldinga si på nynorsk. Det viser styresmaktene at vi er mange som ventar å kunne kommunisere med det offentlege på språket vårt, seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Kva må du så gjere for å endre språket? Er du mellom dei som får skattemeldinga på papir, er der ei eiga rute der du kan krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på https://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon der du ved trykke på knappen «språk», får opp val mellom bokmål, nynorsk, engelsk eller samisk. Du vel så nynorsk og loggar ut. Lukke til!