9. april 1940 varte skuledagen min berre ein knapp time. Vi vart sende heim. Ja visst, ein kort skuledag, fem barneår under okkupasjonen fekk eg røyne, men utan å måtte flykte, utan å bli skada.

Dette kjem nær no, med krig i Europa, igjen.

Tre år etter verdskrigen reiste eg langs kysten frå Sunnmøre til Vardø. Då fekk eg sjå kva krigen hadde gjort med Molde, Kristiansund, Namsos, Bodø, Narvik og ned brende fiskevær på Finnmarkskysten. Hus og heim, livsverk i ruinar.

Seinare såg eg krigens effektive ugjerningar i Tyskland, og eg prata med tiggande einføtte eks-soldatar på krykker og med svart lapp for augo, det var ikkje mykje parade og feiande musikk!

I fjerne aust registrerte vi òg spora etter verdskrigen. Galskapen, idiotien, dei umenneskelege kreftene hadde fått regjere i lang tid. Det vart sagt den gongen, kjære barnebarn: Dette ville verte den siste krigen på jorda! Menneska hadde endeleg lært at krig er ein ubrukeleg til problemløysar!

Den lærdomen sat laust! Det vart mange, lange og grufulle krigar rundt om på jorda i åra som kom. Primitive statsleiarar fanst i aust og i vest.

Europa heldt seg med kald krig fram til 1990–talet. Då fekk dei vonde kreftene overtaket aust i Europa, med ein blodig, ein sysken-krig på Balkan. Fornuft og intelligens vart erstatta av idiotisk, primitiv nasjonalisme og maktsykje. Og som alltid, med krigen fylgde død og sorg, liding, born og gamle, store flokkar på røming og stor materiell øydelegging. Livslang innsats og slit, hus og heim jamna med jorda. Eg høyrde gråten til familien som fann heimen sin brend då dei, etter denne krigen returnerte til Kosovo i 2002. Ja, eg gret i lag med dei, og eg såg fortvilinga deira.

Hugs at maktsjuke menneske med ja-folk som rådgjevar er livsfarlege.

Vi skriv 2022, og på ny har vi fått oppleve at ein regjerande dinosaur har gått til åtak på broderfolket i grannelandet. Ein skulle ikkje tru det: Med kyrkja si velsigning til den store politiske villfaringa.

Vi høgtider påske medan vi ser alt det hjartekalde utfalde seg med bomber, brann, redsle og død, og millionar av menneske på flukt ut av landet og internt..

Så primitivt kan det oppreiste menneske verte.

Eg trøysta deg med at det ikkje ville bli krig, fornuft og klokskapen ville sigre. Eg tok skammeleg feil.

Mennesket - ein høgtståande skapning?

Kjære barnebarn, vi veit at den store, panserkledde dinosauren døydde ut fordi han hadde så liten hjerne. Slik vil det òg gå med dinosauren som tronar så sjølvsikkert ved det lange bordet i Kreml.

Bestefar Arnljot