(Kommentar til leiarartikkel i Vestlandsnytt): Nynorsk skal framleis ha ein viktig plass i skulen. I regjeringas forslag til ny opplæringslov gjer vi fleire viktige grep for å sikra språkrettane til elevane.

Det er 25 år sidan dagens opplæringslov vart vedteken. Det har derfor vore viktig med ei heilt ny lov som gjer at alle dei 820.000 elevane våre har eit lovverk som er tilpassa både noverande og framtidig skulekvardag. I eit stadig meir mangfaldig samfunn, må skulen vår vera ein av stadane der vi kan skape trygge fellesskap med plass til alle, også uavhengig av skriftspråk.

Derfor tek vi grep som styrkar retten til opplæring i både nynorsk og bokmål. Eg vil nemna tre viktige grep:

I dag er det berre elevar på barnetrinnet som har rett til opplæring i eiga skriftspråksgruppe når minst ti elevar krev det. No får også elevar på ungdomskolen same rett. Vi veit at ein del elevar byter hovudmål når dei byrjar på ungdomskolen. Styrkinga av rettane til elevane blir spesielt viktig for elevar som har nynorsk som hovudmål, og bur i ein kommune som nyttar bokmål. Dei har liten tilgang på hovudmålet sitt i kvardagen, og denne utvidinga vil styrkja posisjonen til nynorsken i samfunnet.

Mange elevar er frustrerte over at skriveprogramma automatisk lagar ein raud strek når dei skriv på nynorsk. Me set no eit endeleg punktum for den frustrasjonen. Me foreslår eit absolutt krav om at skulen skal bruka skriveprogram som støttar begge skriftspråk, og som har tilfredsstillande nynorsk rettskriving. På den måten sikrar me at alle elevar får skriveprogram av god kvalitet, uavhengig av skriftspråk.

Me foreslår å føra vidare kravet om at læremiddel skal liggja føre på begge målformer.

Læremiddel av god kvalitet er ei viktig støtte for arbeidet til læraren og læringa til elevane. For elevar med nynorsk som hovudmål utgjer læremiddel ei viktig kjelde til eiga målform, og eit viktig bidrag for at dei skal bli sikre språkbrukarar.

Eg har stor forståing for at enkelte også vil ha liknande krav til læringsressursar. Men læringsressursar og læremiddel er to ulike ting. Læremiddel er pensum som typisk er utarbeidd av forlaga, medan læringsressursar kan vera alt frå ein nettartikkel på vg.no til ei digital brosjyre frå FN-sambandet.

I skulekvardagen er det mange lærarar som inviterer samfunnet inn i klasserommet for å gjera undervisninga meir praktisk og variert. Det kan vera fordi dei ønskjer eit djupdykk i dagsaktuelle tema som kan vera relevante for undervisninga. Å lovfesta at alle digitale læringsressursar skal vera på begge skriftspråk til same tid og same pris er praktisk talt umogleg. Og eg trur det ville ført til ein meir einsretta skule, der me tek bort noko av dei pedagogiske og faglege handlingsromma til lærarane.

Det er ikkje vegen å gå for at fleire skal fullføra. Til det treng me elevar som er motiverte og som opplever utdanninga som relevant. Med forslag til ny opplæringslov legg me til rette for akkurat det, samtidig som me styrkjer plassen til nynorsken i skulen.