Eg liknar uansett på dei som vi kalla gamlekarar då vi var unge. Dei som spytta brunt, rista på hovudet av at vi hadde fått langt hår: «No ser me ikkje forskjell på kara og kvinnfolk lenger, det e verdas siste tid» melde dei i kor. Men det er ikkje slike ting som irriterer meg, eg slit med det som skal vere min fylgjesvein – nemleg fjernsynet. No har det utvikla seg slik at eg er nøydd til å dele eit hjartesukk med lesarane.

Dagsrevyen har blitt ein djup depresjon, korona, korona, korona. «I går var smittetala 385, 10 fleire enn same dag i førre veke», blir det meldt. Smittetala går opp, farlege mutasjonar spreier seg som eld i turt gras og skulane har gått til raudt nivå. Folk som sit heime og åleine blir deprimerte og sjuke, og den engelske mutasjonen er mykje meir farleg.

Så intervjuar dei alle som er bekymra og det er utruleg mange, fem ordførarar, fire kommunelegar, og nokon frå Helsedirektoratet eller FHI- som er svært bekymra. Alle bekymra menneske i dette landet kan rekne med at redaksjonen i Dagsrevyen finn dei, og stikk ein sånn lang mikrofon opp i ansiktet deira.

No ber eg redaksjonen i Dagsrevyen om å endre litt på sendinga. Når halve Dagsrevyen er forbi, kan dei sende noko humoristisk. Mitt forslag er ein teiknefilm med Tom & Jerry, eller eit par gamle sketsjar med Rolv Wesenlund og Harald Heide Steen jr. Innslaga kan avsluttast med jodling. Ærleg tala, eg orkar ikkje meir, og no er dei i ferd med å øydelegge favorittprogrammet mitt, eg må berre slå av for å berge vitet. Eg understrekar at eg heller ikkje er interessert i å sjå når gamle damer på 90 år får ei sprøyte i skuldra. Lag heller nokre intervju med kloke gamle damer rundt om i landet, dei er det mange av.

Mange andre program på fjernsynet er ikkje deprimerande, men dei er i ferd med å bli irriterande. La det vere sagt med ein gong, eg har ingenting i mot kjendisar. Eg ser faktisk opp til fleire av dei, som har lukkast i sport, teater, film eller musikk.

Men fantasien til ein del programskaparar må vere heilt fråverande. Kjendisar som intervjuar kjendisar, kjendisar som deltek i ulike spørjekonkurranse med andre kjendisar. Fedrar til kjendisar som spring om kapp med fedrar til andre kjendisar, Farmen kjendis, kjendis VM og kjendis hopprenn. Nokre kjendisar får puste ut hjå Anne Lindmo og fortelje rørande historier om livet sitt. Knapt noko sel betre enn ein kjendis som har møtt veggen eller mista nokon dei var glad i, slik mange av oss vanlege menneske også har opplevd.

Nesten same kva kanal eg ser på, så dukkar han stylisten Jan Thomas opp, sikkert ein særs hyggjeleg kar. Men er ikkje han oppbrukte snart, eller er han så pass lasta med silikon at han held lenge.

Eg toler sjølvsagt nokre program med kjendisar, men når det blir berre det, blir det faktisk uinteressant, det blir faktisk for mykje av det gode. Kanskje er det på tide å kome seg ut av Nydalen og sjå seg rundt i dette langstrekte landet.

Kva om Anne Lindmo rigga opp eit studio på ei kai i Lofoten no under skreifisket. Ho kan få ei liste med meg, med fargerike personar som hadde gjort fredagskvelden til ei oppleving.

Mange ulike program med vanlege folk, hadde fungert godt dersom nokon tok seg tid til å lage programma, og ikkje minst tok seg tid til å sjå seg rundt. Eg har sjølvsagt ingen illusjon om at programtilbodet blir endra ein millimeter fordi ein avdanka fiskeskipper frå Sunnmøre skriv i avisa.

Men det er noko med å få sagt det og lette på trykket, og det er kanskje dumt å klage, når eg har tilgang til ein av og på knapp. Om eit år eller to reknar eg det som sikkert at det kjem eit program som heiter «Kjendisar som har hatt korona», berre vent og sjå

Ha ein strålande fredag!