Alle er søkkvåte etter applausen. Det kjem eit par i lange svarte regnfrakkar bort til meg og gjev seg til kjenne. Det viser seg å vere Roald Sporstøl og kona som har sett framsyninga. Dei er like søkkvåte som alle andre, både publikum og oss på scena. Men dei er vilt begeistra for det dei har sett og høyrt. Roald seier at han og Arnljot Grimstad hadde diskutert at ein burde få til eit spel på Herøy, og spurte om eg ville vere med. Dette blei spiren til Herøyspelet.

Planen var å få til premiere allereie i 1990, men det visste seg å vere litt for ambisiøst, då vi etterkvart forsto kor stort dette såg ut til å  bli. Men vi starta planlegginga med ein gong.Det einaste som var bestemt, var at herøyveringen Svein Møller skulle lage musikken. Så då var vi fem, Rolf, Arnljot, Roald, Svein og eg. Det var alt bestemt at eg skulle ha regi.

For meg var det naturleg å spørje Rolf Losnegård, sidan eg hadde jobba med han og kjende han godt, om han kunne tenkje seg å skrive eit «Herøyspel». Han hadde alt skrive mykje dramatikk, både for teaterscene, utespel og TV.

I 1988 blei det arrangert eit møte på Herøy der lokalhistorikar Bjarne Rabben orienterte Rolf og oss andre om historikken til øya, og alt som hadde hendt her. Det var nok av spennande historier å ta tak i, men Rolf landa til slutt på historia om Møre-Karl (Karl Mørske). Dermed var det i gang.

Det vart eit utruleg flott og produktivt trekant-samarbeid mellom Rolf Losnegård, Svein Møller og meg. Der korrespondansen gjekk fram og tilbake mellom oss tre med manustekstar, songtekstar, musikk på noteark og kassettar, post og telefon (det var ikkje snakk om dagens teknologi med lydfiler og møte på teams etc.). Vi hadde innspel fram og tilbake mellom oss. Denne korrespondansen heldt vi på med heilt til vi hadde eit resultat vi kunne seie oss nøgde med. Og det resultatet heiter «Kongens Ring». På denne måten vart eg med, ikkje berre som regissør, men og som ein del av styre og produksjonsapparat. For her var det ein stor jobb å gjere, og mykje som måtte på plass.

Eg hadde allereie då mange års erfaring i teateret som skodespelar, og var godt kjend med både skodespelarkolleger, regissørar og scenografar. Eg var i den tida på Det Norske Teater, Riksteateret og sidan Den Nationale Scene, så det var nok av kompetente folk å spørje. Det blei ein stor og komplisert jobb, heilt til eg kom fram til dei som hadde tid og lyst til å vere med på oppstarten av dette eventyret. Skodespelarane/hovedrollene kom etter kvart på plass, og så var det resten, alle dei andre: FOLKET!

På rådhuset sat ein kulturarbeidar som heitte Bjørn Holum. Han skulle vise seg å bli ein svært viktig person i dette arbeidet. Datakommunikasjon var ikkje så avansert som no, så alt tok mykje lenger tid. Store og små aktørar måtte på plass, menn og kvinner, gamle og unge, ca 300 tilsaman. Eg prata og Bjørn sat på data. Innimellom hugsar eg med glede hyggelege styremøte på hytta til styreleiar Arnljot Grimstad i Eiksund, med kaffi og kaker.

Eksempel på skjema som vi brukte i 1992 til registrering av folk som ville vere med.  Foto: Privat

Etter nokre månader og mange hundre telefonsamtalar byrja vi å få ei slags oversikt over folk som kunne tenkje seg å vere med.

Det blei sett igong registrering på «Høgtun» med polaroidkamera og registrerings-skjema, der vi skreiv ned opplysningar som alder og kjønn etc. Til bruk mellom anna i rollebesetning og kostymering.

Øya Herøy

Det var først eit ønskje at spelet skulle framførast i Klosterdalen, midt inne på øya Herøy. Eg rusla av og til på  Herøy for meg sjølv for å ta inn atmosfæra. Ein seinsommardag i 1989 var bror min og eg ein tur på Herøy. Vi gjekk så langt ut som vi kunne. Det såg ut som det var lenge sidan det hadde vore folk der. Det var berre krattskog. Då vi kom over kammen der amfiet ligg no, gjekk det opp eit: AHA! For meg! Eg såg det med ein gong: Her skal slaget stå! Eller rettare sagt: Her er speleplassen! Og slik blei det. Det såg ut til at det kunne bli ei umogleg oppgave å rydde alt krattet, og å drenere for å få tørr grunn etc.

Men alle var samde: Dette var speleplassen. Eg kjende ein enorm lettelse og glede: Dette kunne bli flott!

Eg vågar påstå i ettertid at hadde det ikkje vore for denne plasseringa, så hadde ikkje Herøy vore det populære tur- og rekreasjonsområdet det er i dag, med flott opparbeidde turstiar, designa av Roald Sporstøl. Han sto også for scenografien av speleplassen og alle vikinghusa. Seinare fekk eg scenograf Even Børsum til å teikne det nye hovdinghuset, som skulle «brenne ned».

No låg alt så godt an i løypa at det vart bestemt at opningsframsyninga skulle vere i 1992. Meterologisk institutt blei konsultert om trygge verperioder i Herøy, og ut frå det vart første helga i juli bestemt som spelehelg.

Alt må på plass

Men eit spel skal ikkje berre ha eit godt manus, flott musikk og ein eigna speleplass. No gjensto siste innspurten av arbeidet. Herøy kommune bevilga Ein million kroner til oppstart av spelet, mykje pengar den gong.

Først var det kostymer. Eg fekk Einar Dahl, kostymesjef på Riksteateret ,som eg hadde jobba med, til å teikne kostymer. «Sylinja» på Herøy Vidaregåande tok på seg ansvaret med å lage hovedrollekostymene og Djupvik i Myrvågane laga resten på samleband.

Vi måtte ha fleire hundre vikingsko, og skomakar Brandal på Leikong fekk jobben med det. Sverd, spyd, skjold, øksar og hjelmar vart produsert på ulike bedrifter rundt om i kommunen, eg måtte stadig sjekke at alt hadde god framdrift. Mange kvinner tok på seg jobben med å strikke brynjer til hirden. Kunstnar Marit Eiksund laga store og små bukkehovud. Mange år hadde vi også med levande geiter, der eg auka opp med ei geit meir for kvart år, så hadde ikkje det stansa, hadde det no vorte tretti på scena.

Alle som har sett spelet, veit at musikken har ei betydeleg rolle. Eit flott orkester og kor vart sett saman. Svein Møller var sjølv dirigent i mange år. For å få fram detaljane og det unike i musikken og korsangen, og for å løfte replikkane til hovedrollene, krevest det god lyd. Eg fekk med lydmann Lech Janowski som eg kjende frå Riksteateret, han var med i fleire år.

For å få fram flotte ansiktsuttrykk, fekk eg med meg den erfarne sminkøren, Torunn Løken, som eg hadde jobba med før, både på Sogn og Fjordane Teater, Mostraspelet og Kinnaspelet.

Kvalitet i alle ledd!

Det var frå første stund min visjon for spelet. Aldri gå ned i kvalitet, men stige i kvalitet frå år til år.

I 1992 var vi klare til å starte prøvene. Eg hadde heldigvis fri frå Den Nationale Scene i heile mai og juni, så då hadde eg god tid til å sy det heile saman. Først ein stor jobb med å lage manuskript. Det var store kopieringsmaskiner i kjellaren på rådhuset, og det var ein tidkrevjande jobb å passe på at alt gjekk som smurt. Manuskripta skulle og bindast inn. Etter kvart som fleire og fleire melde seg på, måtte vi prente fleire manus.

Vi starta med prøver på «Høgtun», og i idrettshallen i Herøy Kulturhus.

Eg hugsa at eg laga markeringar med tape i ulike fargar på golvet, til stor forvirring for alle aktørane. Men det gjekk opp eit lys for alle då prøvene vart flytta til speleplassen. Etter kvart vart det behov for eit stort antal folk til alle funksjonar rundt scena for at prøvene skulle gå knirkefritt. Folk måtte venje seg til å prøve i all slags ver, så det blei nokre våte stunder, men mest hugsar eg lange prøvedagar med solskin.

Eg såg tydeleg korleis eg ville bruke terrenget. Området og terrenget i seg sjølv baud på så mykje at her var det berre å sleppe fantasien laus.

Etter siste framsyning i 1992, som var første året, kom det eit spontant rop frå scena: «Skal det bli spel neste år?». «JAAAAA!» var det rungande svaret frå publikum. Bispen, spela av lensmann Roar Skoglund, vart så oppglødd at han svinga bispestaven og tok eit luftig stavhopp så bispekjolen flagra.

Eg veit ikkje om nokon har oversikt over kor mange tusen som har lagt ned ein jobb for at Herøspelet vart det det vart!

Det er flott å sjå at spelet ikkje gir seg, men held fram trass i år med pandemi.

Til slutt vil eg seie at eg er glad for at eg sto på mitt ved val av speleplass. Og at eg aldri gav meg på kvalitetskrava.

Lenge leve Kongens Ring!

Gerald Pettersen