På Mikkelholmen krev 10 tomteeigarar om, i hovedsak, at eit takutstikk skal kortast inn slik det kjem ut av vegbana. Ei enkel arbeidsoppgave til ein liten kostnad. Tenk at sakshandsamar Geir Eide klarer å gjere det til ei så vanskelig sak. Er det noke som vert kalla ein negativ bragd ?

Vestlandsnytt har 21. des. 2021 ei overskrift - Alt i orden med tiltak på Mikkelholmen-rorbu. I dagens nettutgave er overskrifta – Vegane på Mikkelholmen er ulovleg bygde.

Kommentar til første overskrift er at dette dreier seg om eit brev sakshandsamar Geir Eide sender til rorbueigaren. Brevet er heller ikkje journalført eller å finne på postlista til Sande kommune.

Brevet må sjåast i smanheng med at rorbueigaren hadde eit avisinnlegg i Vestlandsnytt 14.des. 2021. Avisinnlegget var ein merknad til at 10 tomteeigarar har sendt varsel/klage på eit takutstikket som er kome fram i vegbana. Takutstikket er i dag det som trulig vil verte ein altan med rekkverk. Tomteeigarane har aldri stil spørsmål om kvar grensa i vegen ligg. Vegen har vore der i ca. 30 år.

Sakshandsamar Geir Eide gjev også feilaktige opplysningar om kva bilete frå 2010 viser. Bilete viser ein altan med rekkverk over eit styrehus/vindfang (tilbygg) som har avstand på ca. 80 cm. til nabogrense. Utvidinga av konstruksjonen er ei vesentlig endring på ca.80 cm.

Bilete som Vestlandsnytt hadde i reportasjen ville i fargar vise at avmerka grense ligg i hjulsporet i vegbana. Likeeins ville bilete vise at altan (omtala som takutstikk) er ca. 10 cm. lenger inn i vegbana.

Ingeniør Eide skriv i same brev til rorbu-eigar at vedlikeholdsarbeid ikkje er søknadspliktig så lenge det ikkje medfører utviding av eksisterende bygning. Det Eide ikkje skriv i brevet, er at vedlikehaldsarbeidet er ein del av fasadeendring mot nord og renovering inn. Etter melding til Sande kommune om kjøkkeninnreiing i naustdelen av rorbua.

Fasadeendring med veranda i 2. etasje er omsøkt og varsla til naboen. Fasadeendringa mot nord er også vesentlig endra mot det som er omsøkt og nabovarsla. Altanen er etter mine auge vorte så stor at det kan sjå ut som han er forankra i naboeiendomen. Sande kommune har kontrollmyndighet, dette kan ikkje sjåast på som eit naboproblem. Verandaen skulle vere byggmeldt etter PBL (plan og bygningslova).

Sakshandsamar ved teknisk eining Geir Eide har her sett fokus på sitt eige namn som sakshandsamar og fokus på denne rorbueigendomen. Eg vil påpeke at rorbu-eigar har seriøst bede om råd og rettleiing for fasadeendring og renovering.

Sakshandsamaren Geir Eide opptrer som part i saka og kjem med bevisst feilaktige saksopplysinger i saka. Sakshandsamaren opptrer kritikkverdig og har ikkje tillit og må takast frå sakene som omhandler Mikkelholmen.

I føresegner for reguleringsplan Mikkelholmen står det i p.4 :

BYGNINGANE SKAL PLANLEGGAST I HØVE TIL KVARANDRE OG MED EINS MATERIALE OG FARGEBRUK. For kvar rorbu skal det opparbeidast min. 1 biloppstillingsplass.

KOMENTAR TIL ULOVLEG bygde vegar på Mikkelholmen.

Julaftan får eg brev av 21.12.21 frå Sande kommune, teknisk eining ved Geir Eide. Brevet minner mest om ei kollektiv avstraffing og lite om nøytral, objektiv sakshandsaming. Sakshandsamaren blandar fleire saker med ulike mottaker adresser, for å tåkelegge eitt eller anna. Dette strid mot god forvaltningsskikk.

Det har i det siste kome fram to kart i reguleringsplan som har vore ukjende for flertalet av tomteeigarane. Sakshandsamaren brukar kontrollmynde på vegar som vart bygde for 20 til 30 år sidan, men ikkje på innsnevring i køyrebana for tilkomsten for alle tomtene, båtopptrekk og allmenningskai. Sakshandsamaren har ikkje vurdert korleis denne insnevringa verkar inn på beredskapen i området.

I 2001 fekk eg førespurnad om å vere med på kostnadane ved å bygge ca. 90 m veg vidare austover på Mikkelholmen. Eg fekk då utlevert SÆRUTSKRIFT med vedtak i Næring-,plan-miljøutvalet, sak 19/01 av 20.02.01. Teknisk eining mangla vedtaket så eg levert det på kontoret den 15.12.21. Geir Eide viste om vedtaket då han skreiv brev om ulovleg vegbygging .

Siterer derfor frå sak 19/01 i NPM-utvalet:

SAKSOPPLYSINGAR: Tomteeigarane på nordsida av Mikkelholmen ynskjer kommunen sitt syn på videreføring av vegen frå rorbuene på tomt 3, 4 og 5 og vidare austover langs nausttomtene - (tomt 3 er b.nr 46 og tilkomsten til tomtene på nordsida. )

VURDERING: Det ligg føre stadfesta reguleringsplan for Mikkelholmen. På planen er det vist vegtilkomst til alle tomtene. Området utenom tomtene er i kommunal eige og er føresett utnytta som vist på planen. Dei omsøkte utbyggingstiltaka er I samsvar med planen og ein har difor ikkje merknader til saka.

TEKNISK SJEF SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Det må opparbeidast tilfredsstillande oppstillingsplass for bil mellom veg og naust, - (dette er det som vert omtala som ikkje krav til parkeringsplass i brevet og i Vestlandsnytt).

VEDTAK: Teknisk sjef sitt framlegg vart samrøystes vedteke.

Sakshandsamar Geir Eide overser her beviste overfornemnde VEDTAK og kjem med kollektiv skulding om ulovleg vegbygging. Skuldinga er no også omtala i Vestlandsnytt. Det er Sande kommune som skal sjå til at utbyggingstiltaka er i samsvar med PBL (plan- og bygningslova) .

Tomteeigarane har i 20 år ikkje hatt noko problem med at ein del av vegen ligg innfor tomtegrensa, men ser at ei innsnevring av køyrebana ved tilkomsten til tomtene, kan verte eit stort problem. Tomteeigarane sende derfor eit VARSEL/KLAGE 22.11.21 om innsnevring av køyrebana.

Plan og bygningslova skal hindre at slike trafikkfeller oppstår, og har dei oppstått I strid med PBL, så er PBL reiskapen for å fjerne slike trafikkfeller. Teknisk etat har kontrollmynde.

Sakshandsamar Geir Eide byrja brevet 21.12 21 med eit avsnitt om at b.nr 46 har søkt om kjøp av grunneigedom frå Sande kommune. Han avslutta brevet med at deling og kjøp vert handsama i ei anna sak.

Det er påfallende at ei sak som ikkje har vorte ei sak, vert blanda inn i ei felles klagesak frå 10 tomteeigarar. Tomteeigarane har ikkje nokon felles merknad til nabovarsel som omhandlar sal av grunneigedom frå Sande kommune.

Referansenummer er ikkje oppgjeve, og eg finn ikkje nokon søknad om kjøp av grunneiendom på postlista til Sande kommune.

Sande kommune vil i tida framover få tilsvar på sakene, sak for sak.

Sakshandsamar Geir Eide er byrja å verte kjend for å gje noko lettvinte råd til enkelte som ber om rettleiing i byggesaker. Når råda strid mot PBL vert det mykje unødvendig «støy « når sakene skal rensast.

Sakshandsamar Geir Eide må få vurdert sin habilitet og tillit, og må takast frå sakene som omhandla Mikkelholmen.

Sandshamn 02.01.22