Ambulant avdeling:

Samlokalisering av Volda DPS døgnseksjon og ambulant seksjon

- Då det gjekk opp for oss at det var bestemt at Mork senter skulle overta våre lokaler og at vi måtte flytte ut, førte dette til uro, bekymring og undring, skriv verneombod Aud Rabben Simonsen og tillitsvald Runar Øye for NSF(Norsk Sykepleierforbund).

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Det har i tida før jul vore skrive ein del i lokalaviser og i Sunnmørsposten om flytting av Mork rehabiliteringssenter og samlokalisering av Volda DPS som inneber flytting av ambulant seksjon i Myrvåg. Sjukehusdirektør Øyvind Bakke har og uttalt seg og informert om bakgrunnen for avgjerdsprosessane. Dette er ei sak med fleire partar involverte og som derfor har fleire sider. Vi ved Volda DPS døgnseksjon ynskjer derfor å få fram vår ståstad i denne situasjonen.

Då det gjekk opp for oss at det var bestemt at Mork senter skulle overta våre lokale og at vi måtte flytte ut, førte dette til uro, bekymring og undring. Det tek tid å fordøye noko slikt. Vidare i prosessen vart det då sett på kva som var mest føremålstenleg. Skulle DPS døgn flytte ut for seg sjølv eller skulle ein tenkje samlokalisering med ambulant team som no er i Myrvåg?

Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på dette som var sett saman av seksjonsleiarar, overlege, tillitsvalde og verneombod frå døgnseksjonen i Volda og frå ambulant seksjon i Myrvåg. Brukarrepresentant og ordførar frå Sande som representerte kommunane frå Ytre Søre var og med. I rapporten kom ein ikkje fram til ein felles konklusjon. Det vart ein open rapport som på eine sida peika på ulempene for auka køyring for ambulant team der ein del får lenger køyreveg til jobb. Køyreanalysane som vart lagt fram i rapporten viste at det ville føre til mindre køyretid for akutt heimebehandlingsteam ved plassering i Volda, men meir køyretid for ambulant allmenn team. På den andre sida ville det framleis vere store utfordringar knytte til å rekruttere og behalde psykiatrar og psykologspesialistar dersom seksjonane ikkje blir samlokalisert.

Legebarometeret 10. mai 2021 er ei kartlegging av rekruttering av fastlegar og psykiatrar i landet som er utført av Samfunnsøkonomisk analyse etter oppdrag frå Legeforeningen. Denne rapporten viser at det er ein alvorleg situasjon over heile landet mht til å rekruttere psykiatrar til sjukehus der over 85 % har utfordringar med rekruttering. Dette gjeld særleg i Nord- og Midt-Norge. Desentraliserte og små einingar gjer det meir utfordrande å rekruttere innan psykiske helsevern. Det vert her vidare peika på at det trengst ei brei satsing og ikkje minst politisk for å auke statusen til faget og gjere det meir attraktivt for unge legar å søke seg jobb innanfor psykiatri. Enten vi vil eller ikkje, så er vi som spesialisthelseteneste avhengige og pålagde å ha med psykiatrar og psykologspesialistar på laget for å sikre god pasientbehandling.

Det går føre seg ein utviklingsplan i helseføretaket der det m.a. blir sett på behova innan psykiatri og rus og korleis vi skal møte utfordringane på best mogleg måte. Det har blitt peika på at det er uheldig at det her går føre seg ein prosess med samlokalisering før arbeidet med utviklingsplanen er ferdig.

Det verste scenariet vi såg for oss var at døgnseksjonen ved Volda skulle bli skilt ut for seg slik at vi vart tre åtskilde einingar, noko som ville gå hardt utover rekrutteringa. Vi har i dag eit godt samarbeid med psykiatrisk poliklinikk der det m.a. er eit samarbeid rundt felles pasientar. Det er uheldig at dette no blir oppdelt, noko som kan gå utover det faglege arbeidet. Ideelt sett skulle vi hatt eit felles DPS der døgnavdelinga, poliklinikk og ambulant seksjon er samla for å skape eit solid og godt fagmiljø, men dette har vi dessverre fått nei til. Kanskje skulle også barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) ha vore med om vi kunne hatt eit samla psykiatrisk senter?

Ved Volda DPS døgnseksjon har vi vore heldige sidan vi dei seinare åra har vore dekt med dyktige psykiatrar, psykologspesialistar og LIS-legar mm. Vi forstår at dette har ein lykkast med pga. av at det har blitt satsa over tid på m.a. rekruttering av LIS-legar som seinare har utdanna seg til psykiatrar. Det har elles vore eit samarbeid med ambulant seksjon over store delar av tida dei har halde til i Myrvåg. Overlege og psykiater frå døgnavdelinga har i periodar stilt opp for ambulant seksjon fordi dei har mangla psykiater og overlege.

For ein del år tilbake hadde vi store manglar på behandlarsida som skapte store utfordringar for både pasientar og oss som jobbar i miljøet. Det er ein situasjon vi ikkje ynskjer å kome opp i igjen. I dag opplever vi døgnseksjonen ved Volda DPS som ein stabil og god arbeidsstad. Sjølv om det er her er i teksten er fokusert på spesialistar, så er det klart at vi ikkje kan drive ei døgnavdeling utan mange erfarne og dyktige miljøterapeutar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike yrkesgruppene som er med og gir god kvalitet på pasientbehandlinga. Vi opplever at vi i dag har eit godt arbeidsmiljø der også LIS-legar og studentar trivst og der enkelte av dei seinare vel seg eit arbeid innanfor psykisk helsevern.

Vi er no kjent med at det er gjort vedtak i styret i HMR om at Volda døgnseksjon og ambulant verksemd i Myrvåg skal samlokaliserast i Volda. Vi er spent på vegen vidare. Kvar skal bygget stå? Kor stor vil avstanden til sjukehuset vere? Vi har hatt bruk for tenestene til sjukehuset nesten dagleg i form av blodprøver, røntgen, tilsyn av sjukehuslege, levering av medisin, mat- og tøylevering mm.

Vi har forståing og sympati med personale ved ambulant seksjon i Myrvåg som får lenger reiseveg og det er fare for å misse erfarne og fagleg flinke personale. Vi håpar flest mogleg også vert med oss vidare og utviklar tenestene våre til det beste for pasientane våre.

Dersom vi no rettar nasen framover, håpar og trur vi at det kan bli bra med samlokalisering av dei to seksjonane. Det avheng sjølvsagt at det blir ein god prosess der begge seksjonar får nok tid og høve til å vere med å påverke utforminga av eit nytt bygg som er føremålstenleg for begge seksjonane. Kanskje får vi høve til å tenke nytt?

Korleis kan ein møte utfordringar for dei som får lenger reiseveg?

Det blir viktig på vegen vidare å ha eit godt samarbeid med kvarandre. Målet å få eit godt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø. Dette fremjar eit engasjement til det beste for pasienten og sikrar kvaliteten ved å ha god tilgang på spesialistar.