Fritt ord:

Er Herøy Ap uærlege?

- Om eg forstår det rett, her frå det blide Sørlandet, så vert det ikkje lett å samarbeide med Ap som driv amatørpolitikk for seg sjølve, og ringrevane går i baret, skriv Kjell Runde.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Som tidlegare herøyværing og politikar fyl eg litt med kva som hender og skjer i Herøy. Mykje er bra, men fy til rakkeren for eit rot det er i Arbeidarpartiet. Heit utrulig at det går an, og at dei vil seg sjølve så vondt! Å gå ut i Vestlandsnytt og føre lesarane og veljarane sine bak lyset på den måten Per Kristina Furø gjorde i Vestlandsnytt tysdag 26.oktober er det svært lite tillitsvekkande for han sjølv, forleiinga, ja, for heile Herøy Arbeiderparti.


Lesarinnlegg frå Per Kristian Furø:

Politikk, med meir


Furø skriv at det må vere lov å stille spørsmål om ikkje «kampanjen» i lesarinnlegg posta i Vestlandsnytt den siste tida mot Svein Gjelseth kan karakteriserast dithen som mobbing av politikarar. Og at både Bjarne Kvalsvik og Eimar Hagen veit, dersom dei vil, at det ikkje er Svein Gjelseth som har signert og sendt inn gjeldand liste over kommunestyrerepresentantar som kravde å få saka om bygging av nye kaier på Mjølstadneset tatt opp til ny handsaming. Jau, Bjarne Kvalsvik har visst, og han hadde bevis på sanninga, men Eimar Hagen kan umuleg vite anna enn det han les i Vestlandsnytt då postlista til Herøy var ufullstendig, og nokon heldt epostane unna postlista.

Eg tillet med å stille spørsmål om Fure sjølv fortel sanninga når han skriv i avisa at det var han som sende lista med dei 11 kommunestyrerepresentantane. Bjarne Kvalsvik svara med kopi i Vestlandsnytt fredag den 29. oktober av eposten frå Svein Gjelseth til Bjørn-Halvor Prytz med vedlegg av dei 11 kommunestyrerepresentantane som krev K-sak 92/21 opp til ny handsaming. Det går fram av eposten at den var sendt onsdag 1. september kl 19.13.

Brev frå SVein Gjelseth til ordførar Bjørn Prytz, datert torsdag 2. september.  Foto: Skjermdump

Underteikna kommunestyrerepresentantar i saka.  Foto: Skjermdump

Likevel påstår hr Furø at det var han som sende mailen til ordføraren. Eg byrja å forstå at her er eit typisk spel som forgår bak kulissene, så eg gjekk inn på postlista til Herøy kommune den 29.10. Der oppdaga eg at eposten som Svein Gjelseth sende den 1.september ikkje var journalført, slik reglane krev, sjølv etter 2 mnd. Eg var usikker på om eg leita rett, så eg tok ein telefon til arkivet for å sjekke, men nei, dei kunne heller ikkje sjå at den var arkivert, men lova å sjekke det opp. Det gjorde arkivet, eg fekk 2 epostar den 29.10.21. Då fekk eg kopi av eposten frå Svein Gjelseth av 1.9.21 , og ein ny den 2.9 der han begrunna å få kaisaka opp igjen grunna ny informasjon frå næringslivet og dei nye utbyggarane på Mjølstadneset industri- og serviceområdei møte med desse på Fosnavåg Thon hotel 31.08.21.

Rett nok fann eg i postlista epost frå Per Kristian Furø, dagsett den 3.september med same spørsmål om å ta opp at kaisaka, og med same 11 kommunestyrerepresentantane oppførde, og med ordrett grunngjeving som Svein Gjelseth hadde dagen før.(kopi?) Og han ber om at hans skriv, skal erstatte epostane frå den 1.9 og 2.9. Likevel påstår den same Furø at det var han som sende brevet! Det rette er at han sende brevet 2 dagar etter Svein Gjelseth sin først epost. Dette kallar eg bløff, på mitt språk lygn og bedrag frå Furø og Herøy Ap.

Å ikkje arkivføre ein epost straks som reglementet krev, er også svært urovekkande. Eposten frå Svein Gjelset den 2.9 har Bjørn-Halvor Prytz send til arkivet ca 1 time etter mottatt. Så vart den fjerna, ser det ut som, eg fann den ikkje den 31.10. Kven kan fjerne skriv som er journalførde? Det er vel ikkje lovleg? Kanskje nokon oppdaga at Svein Gjelseth er ugild i kaisaka, og fjerna epostane hans? Ikkje veit eg.

Då eg sat i formannskapet og i kommunestyret, var Arbeiderpartiet voldsom frampå om at Herøy kommune måtte få eit etisk utval, og arbeidsgrupper vart oppretta. Kvar er dette no, Herøy Ap? Er utvalet gløymt og lagt på is? Slik Ap no går fram, med å halde unna epost som beviseleg er sendt, og gje uttrykk for at det var Per Kristian Furø som sende inn brev om ny sakshandsaming av kaier på Mjølstadneset, så har korkje etisk utval/prinsipp eller truverdet til Herøy Ap mykje å slå i bordet med.

Om eg forstår det rett, her frå det blide Sørlandet, så vert det ikkje lett å samarbeide med Ap som driv amatørpolitikk for seg sjølve, og ringrevane går i baret. Ordføraren må gjerne mane til at «No må vi jobbe saman!» Trur han først må ordne opp i eigne rekker, gjerne offentleg.

Kjell Runde