Ope brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal:

Ambulansebåten i Sande

- Vi er glade for at Samferdsleutvalet har kome med positive signal både om ferjesituasjonen og om planane for Sande Fastlandssamband – men no står vi også ved eit vegskilje når det gjeld framtida til samfunnsbåten/pendlarruta, skriv ordførar i Sande, Olav Myklebust.

Ambulanse- og samfunnsbåt: Ordførar Olav Myklebust med ope brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.  Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Samferdsleutvalet er vel kjende med utfordringane vi har knytta til samferdsle i Sande. Vil likevel vise til folkemøtet vi hadde på Sandsøya i valkampen, der både to ferjer i rute 01, eit godt tilbod med pendlarruta og eit stort trykk på realisering av Sande Fastlandssamband var framheva som avgjerande for framtidig satsing på næringsliv og busetnad/bulyst på øyane.

Det er to store lokalsamfunn som her treng eit betre samferdsletilbod. Kvamsøya har 225 innbyggarar ved siste teljing, og busetnaden i krinsen omfattar også fastbuande på Haugsholmen og Storholmen. Sandsøya og Voksa har til saman 213 innbyggarar.

På Kvamsøya er BrimerServitec ei hjørnesteinsverksemd med 60 tilsette. Sandefisk på Sandsøya er eit fiskemottak som også sysselset mange i deltidsstillingar – avhengig av sesong. I tillegg til desse hjørnesteinsverksemdene er det også ei storsatsing på reiseliv på øyane, der særleg Rosenlund og prosjektet SViUt på Sandsøya/Voksa vil kunne gje mange nye arbeidsplassar framover.

Vi er glade for at Samferdsleutvalet har kome med positive signal både om ferjesituasjonen og om planane for Sande Fastlandssamband – men no står vi også ved eit vegskilje når det gjeld framtida til samfunnsbåten/pendlarruta!

Helseforetaket har køyrd ein anbodsprosess om ny ambulansebåt i Sande – og har fått gode tilbydarar til dette sambandet. I anbodet ligg det ei vidareføring av å nytte ambulansebåten som beredskapsbåt for Sande kommune og pendlarrute i sambandet Larsnes – Åram – Voksa

– Kvamsøya. Slik det ser ut vil det nye anbodet på ambulansebåt verte noko dyrare for Sande kommune, som slit med økonomiske utfordringar og er registrert i ROBEK-registeret. Vi er derfor svært opptekne av å undersøkje korleis vi kan få hjelp til å sikre – og aller helst vidareutvikle – denne viktige samfunnsbåten til beste for innbyggarane på desse øyane.

Pendlarruta går i dag to turar på morgon og ettermiddag, og fraktar i hovudsak arbeidarar frå øyane som arbeider ved verfta på Gurskøya eller ved kommunen og sjukeheimen på Larsnes, og andre vegen arbeidarar frå Gurskøya og Åram som arbeider på Sandsøya eller ved Brimer på Kvamsøya.

For mange av desse arbeidarane er passasjerruta på 15-20 minutt det einaste reelle tilbodet, sidan alternativet er ein ferjetur på 50 minutt - der det er to timars ventetid mellom kvar tur. Til dømes er det slik at første ferja frå Larsnes ikkje er på Kvamsøya før 0825, og dersom ein skal pendle andre vegen må ein velje mellom ferja 0625 frå Kvamsøya som er på Larsnes 0715, eller neste ferje 0830 som først er på Larsnes 0920. Skal ein kombinere dette med levering av ungar i barnehage eller på skule, seier det seg sjølv at kvardagen ikkje går i hop.

BrimerServitec AS har konkrete planer om utviding av verksemda si på Kvamsøya, fordi dei meiner kompetansen og fasilitetane dei har bygd opp gjennom mange tiår er viktig å ta vare på. Utvidinga vil kunne gje kring 20 nye arbeidsplassar på øya. Men som dagleg leiar Tore- Jakob Reite skriv til Sande kommune:

Vi har to hovedutfordringer for å lykkes med våre vekstplaner på Kvamsøya. Det er tilgang på nok kvalifisert arbeidskraft og det er plass. Vi må derfor være helt tydelige på at pendlerbåten mellom Larsnes og Kvamsøya må opprettholdes med et minst like godt tilbud som i dag også de neste 10 årene eller inntil at Sande fastlandsforbindelse er realisert.

Frakt av arbeidsfolk ligg utanfor det vi som ROBEK-kommune kan bruke kommunale driftsmidlar på. Det har vi fått klare signal om både frå Statsforvaltaren og Kommunal- departementet. Med eit kundegrunnlag på 10 000 passasjerar årleg, meiner vi det kan ligge godt til rette for ein samfunnsbåt – men då er ein avhengig av ei god fylkeskommunal medfinansiering av tilbodet.

Sande kommune er i kontakt med fylkesadministrasjonen om dette, og håper sjølvsagt at Samferdsleutvalet vil vere positive til at Fylkeskommunen engasjerer seg i ei så viktig sak for folket her ute.