Bjørn Prytz:

Rett skal vere rett!

Eg ønskjer å avklare kva som ligg til grunn for at K-sak 92/21 ( bygging av kaier på Mjølstadneset) igjen vart sett på sakskartet etter vedtaket i kommunestyret 24.08.21.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

01.09. mottok eg e-post frå Svein Gjelseth med namn på 11 kommunestyremedlemar som etter §11.2, bokstav c i kommunelova krever at k-sak 92/21 vert teken opp til ny handsaming i kommunestyret snarast råd.

03.09.21 mottok eg ein ny mail med namnet på 11 kommunestyremedlemar underskriven av Per Kristian Furø, der ein bad om at saka igjen vert sett på dagsorden i kommunestryret snarast råd ut frå §11.2, bokstav c i kommunelova. Eg legg ved kopi av dette brevet her. Svein Gjelseth sitt namn stod ikkje på dette skrivet då det var stilt spørsmål ved hans habilitet i saka.

Eg valde, på bakgrunn av denne mailen underskriven av Per Kristian Furø, med henvising til kommunelova sin §11-2, boksta c, å legge saka fram for kommunestyret igjen. I tilfelle som dette har ikkje ordføraren i praksis høve til å gjere noko anna.

Vonar vi no kan sette strek her, og heller bruke energi på dei mange viktige oppgåvene vi i fellesskap bør prøve å løyse framover.

PS: Kommunelovens §11-2. Møte lyder slik: « Møter i folkevalgte organer skal holdes viss ett av følgende vilkår er oppfylte:

a) Organet selv, kommunestyret eller fylkestinget vedtar det.

b) Organets leder mener det er nødvendig.

c) Minst 1/3 av medlemmene krever det».