Ope brev frå lærarane ved Ytre Herøy ungdomsskule

"Dette er ikkje til elevane sitt beste"

YHU: Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord


Til kommunalsjef oppvekst og oppvekstutvalet:

Vedrørande klassetal og storleik for 8. trinn -21-22

Kvart år opplever vi at vi har knapt med ressursar ved Ytre Herøy ungdomsskule. Elevtalet på neste års 8. trinn er 77 elevar. Med tre klasser vert det store klasser, med 25-26 elevar.

Med fire klasser vert det 19-20 elevar. Lærarane ved Ytre Herøy ungdomsskule har eit sterkt ynskje om at det skal bli fire klasser.

Forsking seier at klassestorleik har noko å seie for læringa til elevane. Mindre klasser kan gi meir læring enn store og det kan gi elevane eit fagleg forsprang.

Å ha gode relasjonar til elevane er kjempeviktig. Dette, i lag med tryggleik for elevane, er grunnleggande for god læring og eit godt fagleg utbytte. Vi har sett at mindre klasser gjer det enklare å få gode relasjonar til elevane og elevane seier sjølve at dei føler seg tryggare i ei mindre klasse. Dei deltek meir aktivt i undervisninga, noko som fører til betre læring.

Elevundersøkinga frå i år viser at elevane har høg trivsel og slik vil vi ha det!

Vi lærarane skal nå kvar enkelt og kvar elev har rett på tilpassa opplæring. I store klasser vert det mindre tid per elev og det er svært utfordrande å legge til rette på best mogleg måte til kvar enkelt. Med mindre klasser vert det mindre behov for tilpassa/tilrettelagd undervisning utover det vi som lærar kan gi den einskilde når ei klasse har ein meir passande storleik.

Konsentrasjon og arbeidsro er andre viktige faktorar, og dette er sjølvsagt enklare å få til i ei mindre klasse av fleire årsaker. Klasseromma på skulen er ikkje bygd for store klasser og når elevane sit tett vert det meir uro, og meir rot, som igjen kan føre til enda meir uro. Det er etter kvart ein gamal skule og på mange av klasseromma er det svært dårleg luft. Det har blitt gjort målingar på dette og eigedomsavdelinga v/Robert Myklebust sit med tala. Det er viktig med eit godt fysisk arbeidsmiljø og til fleire elevar til dårlegare vert det.

I 2020 fekk vi ny læreplan. Den nye læreplanen legg opp til at vi skal drive djupnelæring, jobbe tverrfagleg, ha rom for refleksjon og argumentasjon og drive praktisk arbeid. Dette må elevane gjere i grupper og i samhandling med andre. Dette vert også vanskelegare å få til med store grupper (i små klasserom). Lesing er ein grunnleggande dugleik i den nye læreplanen og dette er eit satsingsområde i kommunen i samarbeid med Ulstein og Sande.

Målet er at elevane skal verte reflekterte, engasjerte og kritiske lesarar. For å oppnå dette kan vi ikkje jobbe tradisjonelt og store klasser vert i denne samanhengen utfordrande.

Resultat frå nasjonale prøver i kommunen viser at lesing er eit viktig satsingsområde. Med små klasser har vi siste åra sett betre resultat.

Ein del av ungdommane vi møter har utfordringar både fysisk, psykisk og sosialt. Folkehelse og livsmestring har kome inn som tverrfagleg tema i skulen og skal gi elevane kompetanse som fremjer god psykisk og fysisk helse, og som gir moglegheiter til å ta ansvarlege livsvalg.

Mange av oss har lang erfaring i skulen og vi ser at vi i større og større grad brukar tid på å hjelpe elevane til meistre livet. Dette er tidkrevjande og til fleire elevar kvar kontaktlærar skal ha, til vanskelegare vert det å følge opp kvar enkelt på ein optimal måte. Vi strekk oss heile tida, og det er ei dårleg kjensle og føle at ein ikkje strekk langt nok likevel. Større klasser og fleire utfordringar gir stor slitasje på lærarane, og kan dessverre føre til lite stabilitet. Dette er ikkje noko vi ønskjer.

Det siste året har vi stått i ein pandemi og vi veit ikkje korleis ståa vil vere i forhold til dette til hausten. Kjem vi på raudt nivå igjen er ikkje klasseromma store nok til klasser med 25-26 elevar. Å sende nye 8.-klassingar på heimeskule vil på ingen måte vere bra. Dei treng stabilitet og tryggleik første tida på ein ny skule. Dette er særs viktig for å få ein god start. Vi har tidlegare vore gjennom prosessen med å få nye kohortar/klasser på grunn av smittevernssituasjonen og det har vore ei belastning både for elevar og lærarar.

Den profesjonsetiske plattforma til lærarane seier at lojaliteten vår ligg hos barna. Vi skal fremje deira beste og ta ansvar når rammevilkår skaper fagleg og etisk uforsvarlege tilstandar. Vi meiner at så med så store klasser må vi seie i frå. Dette er ikkje til elevane sitt beste.

Lærarane ved Ytre Herøy ungdomsskule