Dette svarar ordføraren Herøy Høgre om Bergsøy skule

BOR­GA:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

Spørsmål frå Høgre

I forrige møte i oppvekst utvalet saman med Plan og Bygge utvalet, hadde vi eit felles vedtak om at vi skulle få tatt opp alle tidlegare vedtak vedrørande ny Bergsøy skule i kommunestyret 25.03.2021, men seinast i aprilmøtet. Dette for å endeleg stadfeste dei, slik at prosessen kan fortsette med ny Bergsøy skule.

Herøy Høgre er veldig utolmodige og ønskjer fortgang i denne saka. Vi ser ikkje at dette ligg som ei eiga sak idag, og vi lurer på om der er nokon spesiell grunn til dette?

Ønskjer også ei stadfesting frå ordførar at dette vil garantert kome opp i neste møte, utan vidare forsenkingar.

Vi har ikkje tid å miste i dette viktige arbeidet, og vi må få på plass ein ny Bergsøy skule, og det RASKT!

Carl-Henrik Moltumyr

Ordføraren sitt svar

Utvala kan tinge saker til eige utval. Tinginga går til administrasjonen som greier ut saka til handsaming i utvalet. Frå utvalet går då saka vidare på vanleg måte fram til ho evtl. endar i kommunestyret.

Dette må ikkje blandast med at utvalet kan stille adm konkrete spørsmål som dei ynskjer svar på.

Det er kommunedirektøren si plikt å syte for at ei sak vert tilstrekkeleg utgreidd før saka går til politisk handsaming. Den same plikta har ordføraren.