Arthur Vestnes:

Vegsikring utført omgåande og i rekordfart

Vegsikring Råkja 

Fritt Ord

Sande kommune vart i slutten av førre veke gjort merksam på at ei stor steinblokk hadde losna frå ei vegskråning ved innkøyringa til bustadfeltet Råkja på Larsnes. Det såg også ut til at det kunne verte fleire steinsprang.


Steinsprang på Larsnes - ber om strakstiltak

Folk er uroa etter steinsprang ved vegen.


Omgåande, og i rekordfart, har kommunen denne veka reinska den aktuelle vegskråninga og såleis sikra mot fleire steinsprang. Det synest no heilt trygt å ferdast der det tidlegare var urovekkjande mange sprekker i fjellet som litt etter litt har kome sidan utbygginga av det praktfulle bustadområdet vart gjort omkring 1975.

Området er så naturvakkert at der for nokre år sidan til og med var skilt som fortalde at øvste del om bustadområdet hadde namnet «Øvre Beverly Hills».

Gjennom lokalbladet får Sande kommune takk for sine lynraske reaksjon frå dei som er så privilegerte å få bu på denne staden.