Tom Beddari, dagleg leiar for Bergsøy fotball:

"Bergsøy styrkar satsinga på jentefotball"

Rettleiar: Ingrid Beate Smådal Hide saman med Ann-Elin Myklebust i sportsleg utval. 

Fritt Ord

Jentefotballen har prioritet i Bergsøy, og vi ser alltid etter nye tiltak for å auke rekrutteringa og korleis vi kan bli betre på spelarutvikling. Vi har til dømes faste tiltak internt, som «Jentedagen», «Ta med ein ven», og gjennom NFF/krets er der prosjekt som «Alle jenter på banen» og «Jenteløftet».

Jenteløftet handlar i kortheit om å sette ein plan for konkrete sportslege mål i eit lengre perspektiv for jentefotballen i klubben. Dette gjer vi etter ein mal frå kretsen, og i dialog og samarbeid. Vi er som ein av fem utvalde klubbar i kretsen tekne med i «Jenteløftet». Det er dessverre blitt noko «amputert», og utsett, grunna situasjonen i samfunnet. Internt har vi, trass i dette, likevel teke nokre nye grep og valt å opprette to nye stillingaer/roller som er direkte og spesifikk for jente- og kvinnefotballen i klubben.

Den ene stillinga/rolla er leiar for jente- og kvinnefotballen. Der har vi fått inn Konstanse Torgersen Nærø, som allereie har andre roller og kjenner klubben godt. Ho vil ha ansvaret for den daglege kontakten og aktive oppfølginga av jentelaga med foreldremøte, rekrutteringstiltak med meir. Konstanse blir klubben sin kontaktperson internt og inn mot krets/NFF.

Konstanse Torgersen 

Den andre stillinga/rolla er rettleiar for trenarar og spelarar. Her har vi fått inn Ingrid Beate Smådal Hide. Ho har allereie lang fartstid som trenar i klubben, og kjenner godt til jentefotballen vår. Ingrid Beate tok i fjor UEFA B-lisensen som fotballtrenar, og har god fagleg kompetanse. Ho vil vere aktiv på feltet for observasjon og tilbakemeldingar – i tett samarbeid med trenarane på laga i jentefotballen. Som til dømes å bidra til integrering av sportsplanen, samt utvikle og inspirere trenarar.

Vi er glade for at vi kan styrke jentefotballen vår ved desse to rollene, og ønskjer dei lukke til