Ordførar Bjørn Prytz svarar KrF om sal av tomter i byggefeltet i Bø/Arhaug

INTERESSE: Sidan utbyggingskostnadene er kjende meiner Runar Olsen det bør vere muleg å fastsette tomteprisen, og kome igang med tomtesalet, allereie før feltet er ferdig utbygt.  Foto: Jann Flatval

Fritt Ord

Kva skal til for at vi kan opne for sal av tomter i byggefeltet i Bø/Arhaug snarast råd?

Eg ønskjer at ordførar og kommunestyre tek stilling til om det er muleg å starte tomtesal i byggefeltet Bø/Arhaug langt tidlegare enn det som er førespegla i Vestlandsnytt fredag 19.02.2021.

Eg trur og meiner at det skal vere fullt muleg å fastsette tomtepris allereie no, sidan prisen for opparbeiding av feltet er kjent frå entrepenør som har jobben.

Utbygging av kloakk og avløp er også kjent gjennom anbod.

Eg meiner det er svært viktig å imøtekome dei som no ønsker å kjøpe tomt, og ser gjerne at det vert klart for tomtesal allereie til påske. KAN VI PÅVERKE SLIK DETTE VERT MULEG?

Det å bygge seg hus, og skape ein heim er ein tidkrevjande prosess, og hus skal tilpassast tomt og så vidare.

Det er alt no ni som har meldt seg interresert i å kjøpe tomt! Dette gjer det ikkje mindre aktuelt å få fortgang i salet. Det bør også vere i Herøy kommune si interesse at ein kan sjå at det er så stor vilje til å få bygge her, og kommunen får dekt inn sine utbyggingskostnader.

Herøy kommune har som mål å bli fleire innbyggerar, og utvikle næringslivet, då er det viktig at vi har både næringstomter og bustadtomter klare for rask oppstart.

Mitt spørsmål til ordføraren er då: Kva muligheit har vi for å åpne for tomtesal snarast råd?

Spørsmå: Runar Olsen (Herøy KrF)


Vil ha framskunda tomtesalet på Bø

Kva skal til for å kome snarleg i gang med tomtesal i Bø/Arhaug bustadfelt? spør Runar Olsen i Herøy KrF.


Ordføraren sine svar

Anlegg- og driftsavdelinga har nyanlegg som ein del av sine oppgåver. Avdelinga arbeider ut frå politiske vedtak, og i F-sak 48/17 Prisfastsetting og retningsliner for sal av kommunale bustadtomter, gjorde formannskapet den 28.mars 2017 slikt vedtak:

«Formannskapet vedtek nye reviderte retningsliner for sal av bustadtomter revidert januar 2017 og følgjande prisfastsetting i Kommunale byggefelt:

«Kvadratmeterpris (m2) i nye bustadfelt i område kring Leine, Dragsund og Bergsøya skal vere utrekna med basis i kva det kostar å opparbeide bustadfelt inklusive grunnervervskostnadar. Nye bustadfelt skal i tillegg takserast ved ferdigstilling og endeleg prisfastsetjing vert etter prinsippet kva som gir høgaste salspris for kommunen (sjølvkost eller marknadspris).»

Praksisen no er slik at anlegg og driftsavdelinga bygger anlegga ferdige, avsluttar det økonomiske med politisk sak og tar takst på tomtene. Etter at tomteprisane er fastsette, utfører servicetorget sal av tomtene.

Konklusjon: Med dei reglar som gjeld, basert på vedtak i F-sak 48/17, vert det vanskeleg å opne for tomtesal før endeleg pris er fastsett og takst er teke. Interesserte kan gå inn på kommunen si heimeside og melde seg interessert i tomt i Bø/Arhaugfeltet. Der står det at sal av tomter er forventa å kunne starte over sommaren.