Herøy Høgre om endeleg retningsval i hamnesaka:

"Meiner vi skal satse på byutvikling NO i Ytre hamn-Fosnavåg"

Innlegg av Herøy Høgre:

Fosnavåg hamn 

Fritt Ord

I møte 25.03.21 klarte endeleg Herøy kommunestyre å einast om at deponiet frå utdjupinga og miljøoppryddinga i Fosnavåg hamn skal ligge på Eggesbønes, Mowi. Strandkantdeponi ved Mowi var det alternativet som no var innafor rekkevidde både tidsmessig og økonomisk.


Endeleg retningsval er gjort om deponi og Fosnavåg hamn: Deponi ved MOWI

Herøy kommunestyre har blitt samde om eit endeleg retningsval for kvar dei ønskjer å deponere utdjupingsmassane frå Fosnavåg hamn.


Herøy kommune har arbeidd i mange år med prosjektet og det har vore inne i NTP i fleire omgangar utan å verte realisert.

Prosjektet låg inne i NTP 2013-2017 med 50 millionar, men vart ikkje tildelt midlar til oppstart.

I 2017/18 søkte Herøy kommune om forskotering av midlar til fiskerihamn og farled. I søknaden la Herøy kommune følgande gode grunnar for realisering av prosjektet:

• Fosnavåg «ei strategisk viktig hamn»

• Utdjuping og ei rein hamn

• Styrke byutvikling og kommunesenteret

• Næringsutvikling/styrka næringsinteresser.

Herøy Høgre har hatt desse viktige punkta i søknaden fra Herøy kommune med oss når vi jobba for å få utdjupninga og miljøoppryddinga på plass.

Utdjupninga og miljøopprydding i Fosnavåg skulle gi ein større gevinst for innbyggjarane i Herøy.

Derfor tok Herøy Høgre, Frp og KrF tak i saka igjen etter den negative tilrådinga i august 2020. Det vart jobba godt ilag og vi fekk sett saka på dagsorden igjen.

Vil også gi ein stor takk for det store folkelege engasjementet som har vore i denne saka.

I møtet torsdag 25.3 var vi derfor svært glade for at Herøy kommunestyre kunne samle seg og stemme samla for utdjupning av Fosnavåg hamn- og miljøopprydding.

Ved å legge deponiet på Eggesbønes, Mowi, fekk ein skape næringsutvikling i kommunen.

Når det gjeld byutvikling og styrking av kommunesenteret så hadde Herøy Høgre eit anna forslag som vi dessverre ikkje fekk fleirtal for i kommunestyret.

Herøy Høgre jobba for å få inn eit konkret forslag i eit eige punkt 2 på byutviklinga og realisering av nytt sentrumsareal på ytre del av Fosnavåg med evt reine overskotsmasser frå hamneprosjektet (eller evt reine overskostmasser frå andre prosjekt).

Vi ønskte å legge til rette for utvikling på Ytre hamn-Igesund.

Her er Herøy Høgre sitt forslag til vedtak i punkt 2 i kommunestyret (som ikkje fekk fleirtal)

«Deponering av reine overskotsmasser frå hamneprosjektet (evt andre prosjekt der ein får tilgang på reine masser) som det ikkje er behov for å nytte på Eggesbønes, skal nyttast til utvikling av Fosnavåg ytre hamn.

Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei opa sak som omhandlar kostnadsberegningar, grunnkjøp, planlegging og gjennomføring av utvikling på Ytre hamn innan 1 juli 2021 .

Finansiering vert over avsette midlar frå strategisk grunnkjøp/Byutviklingsmidlar».

Dette forslaget er konkret og vil kunne gi administrasjonen klarsignal å gå i gang å fremme ei sak om å løyse inn eigedomar iht framforhandla avtale der gevinsten kunne verte eit nytt planert og klargjort areal for å utvikle Fosnavåg by for framtida.

Fosnavåg ville få ei ny fasade frå sjøsida og ein ny bydel.

Det vedtaket som fekk fleirtal er diverre lite konkret, meiner vi.

«Kommunestyret ber om ei sak der utfylling ved Meny/ytre del av sentrum skal vere ein del av saka. Reguleringsplanar, kostnadar, grunnkjøp, planlegging og gjennomføring av prosjekt med reine masser kan vere ein del av vurderingane. Saka skal også ha med eit folkemøte og utvikling av Fosnavåg sentrum i framtida».

Her er Herøy Høgre si vurdering som gjorde at vi diverre ikkje kunne støtte dette:

1. Det vert bede om ei sak utan ein dato for å få opp saka.

2. Ytre hamn med alle reguleringsplaner, kostnader, grunnkjøp, planlegging og gjennom-

føring KAN vere ein del av prosjekt.

Kven skal bestemme dette?

Er det opp til administrasjonen å bestemme det? Vil ein ikkje utvikle Ytre hamn?

3. Folkemøte: Det vert vanskeleg å gjennomføre i desse koronatider og gjer at dette prosjektet vert utsatt i tid.

4. Det skal vere med planar for utvikling av heile Fosnavåg sentrum. Dette vil ta tid viss vi skal jobbe med nye planar for utvikling av heile Fosnavåg sentrum .

Herøy Høgre meiner at vi skal satse på byutvikling NO i Ytre hamn-Fosnavåg. Finansiering vert nytta fra strategisk grunnkjøp og byutviklingsmidlar.

Derfor kunne vi diverre ikkje støtte det som fleirtalet i kommunestyret kom med i sitt vedtak i punkt 2.

Herøy Høgre vil fortsatt jobbe for by- og sentrumsutvikling i Fosnavåg, og kjem til å fremme ei sak om Ytre hamn -Igesund snarleg. Men det viktigaste som vi alle var einige om i kommunestyret var å få på plass utdjupning og miljøopprydding av Fosnavåg hamn no.