Annleis kyrkjepåske i år også

Altertavle Larsnes kyrkje: Larsnes kyrkje har eit stort glasmåleri, laga av Anne Britt Krag i 2000. Motivet er den krossfesta Jesus Kristus. Eit flott blikkfang i kyrkja som vart vigsla 27. august 1989, ei moderne arbeidskyrkje med prestekontor og møtesal.  Foto: Kyrkjene

Fritt Ord

I fjor var kyrkjedørene stengde i heile påska, kanskje for første gong i kyrkja si tusenårige historie i Norge. Slik vart det i år også, pga. covid-19. I år har det blitt sett opp ein påskevandringsrebus rundt kyrkjene og det er fleire lokale digitale gudstenester å fylgje med på. Søk opp di lokale kyrkje på Facebook eller på internett, så kan du fylgje med heimafrå.

Påskevandringsrebusar vil du finne rundt dei tre kyrkjene i Herøy om du tar deg ein tur: Leikong, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje. Dette passar for familiar i alle aldrar.

God påske

Ordet påske er hebraisk og tyder «å gå forbi». Eitt av dei engelske orda for påske er «passover» som tyder det same. Så når vi seier «God påske» til kvarandre, så seier vi eigentleg «god forbigang». Påska er ein minnefest om at Gud let israelittane reise ut frå Egypt og busetje seg i Kanaan. Bibelen fortel at folket kom til Egypt, fordi det var lite mat i Kanaan der dei budde. Dei kom som gjestar til Egypt, men blei etter kvart mange og blei gjort til slavar. Natta før dei drog tilbake til Kanaan, herja ein dødsengel i Egypt. Engelen gjekk forbi husa til israelittane. Det var fordi dei hadde gjort som Gud bad dei om, og stroke blod frå eit lam på dørstolpane, derav ordet «forbigang». Påskefeiringa fortel om skuld og soning, om liv og død og liv. Sjølv om innhaldet i kristen påske er noko anna enn i den jødiske påska, kling motiver frå den jødiske påska med i kyrkjas påskefeiring. Påske har røter langt tilbake.

På Jesu tid var Jerusalem ein by på om lag 100.000 menneske. I høgtidene vart folketalet mangedobla. Og pilegrimane vart godt tatt imot – dei vart helsa med dei gamle orda frå Salme 118: ”Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.”

Påskelam vart slakta og påskemåltid vart førebudd. Sjølve feiringa var ein familiefest der husfaren leda måltidet, slik det skjer den dag i dag i jødiske familiar over heile verda. Måltidet har mange symbolske element, og husfaren får eit av barna til å spørje «Kvifor er denne kvelden annleis enn alle andre kveldar?» Det gir husfar høve til å forklare symbolikken i måltidet.

Altertavle Leikong kyrkje: Altertavla i Leikanger/Leikong kyrkje er ein kopi av altertavla som sto i Ørskog kyrkje, før kyrkja vart plukka ned og sett opp att som Leikanger kyrkje. Ho vart vigsla 26. januar 1873. Altertavla viser korsfestinga i midtfeltet nede. Rett over ser vi den sigrande Kristus. 

Palmesøndag innleier påskelidinga.

Dagen har vore feira med eit opptog i Jerusalem heilt frå 300-talet. For Jesus må dagen ha vore ein underleg dag. Folkemengda som helsa han sto i skarp kontrast til ynsket hos farisearane og dei skriftlærde om å ta livet av Jesus. Men dei sa til kvarandre: «Ikkje i høgtida, for då kan det bli uro i folket.» Palmesøndag rei Jesus inn i Jerusalem på eit esel. Folket tok imot Jesus som ein konge. Dei vifta med palmegreiner og ropte «Hosianna». Ordet Hosianna tyder «velkomen» og/eller «hjelp meg». Opptog med palmegreiner er framleis ein del av påskefeiringa i mange land på denne dagen. Palmeblada blir tatt vare på og blir brente året etter på oskeonsdag. Mange stader, også i Norge, startar gudstenesta på palmesøndag utafor kyrkja med «palmegreiner» og song.

Den stille veka frå palmesøndag til påskedag

Veka blir kalla stille fordi i tidlegare tider skulle alle lydar vere dempa desse dagane. Kyrkjeklokkene skulle vere tause eller berre bli slått på med trekøller, og prestane oppfordra folk til å tenke på Jesu lidingsveg.

Glasmåleri Herøy kyrkje: Herøy kyrkje har mange mindre glasmåleri som er innstøypte i veggane på ulike stader i kyrkja. Kunstnaren er Per Odd Aarrestad. Motivet her er nattverden, og det minner om skjærtorsdagens siste måltid. Vi ser kalken/begeret og brødet, dei to elementa i nattverden. Herøy kyrkje er no ei av landets best utrusta arbeidskyrkjer, med kyrkjekontor, møtesal og mange rom for ulike formål, fordelt på tre etasjar, inkludert gymsal og amfi. Kyrkja vart vigsla 16.febr 2003. 

Skjærtorsdag

Torsdagen i den stille veka blir kalla skjærtorsdag. Jesus samla dei tolv læresveinane sine for å ete det siste måltidet saman. Etter at dei hadde ete, tok Jesus brød og vin, takka Gud for det, velsigna det og gav det til læresveinane. Nattverden er vanleg i gudstenestene på skjærtorsdag. Skjærtorsdagen har mange namn. Det norske namnet på dagen kjem av det gammalnorske «skira» som betyr å reinse. Det kan nok også vise til fotvaskinga. I mellomalderen vart fotvaskinga ein skikk der både kongar og kyrkjeleiarar vaska føtene til fattige.

Ein særleg skikk som også vert halden i hevd i dei fleste kyrkjene i landet vårt er «avdekking av alteret» som det siste som skjer i gudstenesta skjærtorsdag. Alt alterutstyr blir bore ut, og alteret vert dekka med eit svart klede, ei tornekrone og fem raude roser – ei for kvar av Jesu fem sårmerker – før kyrkjelyden forlèt kyrkja.

I kyrkjer som har alterskap, vil det vere meir naturleg å late att alterskapet, slik dei gjer det i Herøy kyrkje. Uansett, er dette ei sterk avslutning på ei innhaldsmetta gudsteneste.

Nattverd er vanleg i dei fleste gudstenestene på søndagane, året rundt, men særleg på skjærtorsdag for å minnast Jesu siste måltid.

Langfredag

Dagens namn har ingen god forklaring, bortsett frå at dagen må ha vore ekstra lang for Jesus. I løpet av natta til langfredag blei Jesus dømt til døden. Han blei hengt på eit kors mellom to røvarar. Eit mørke spreidde seg, og jorda skalv. Det siste Jesus sa på korset, var: «Det er fullført».

Hovudinnhaldet i langfredagens gudsteneste er lesinga av lidingssoga, eller den musikalske resitasjonen av lidingssoga. I år skal det lesast frå Lukasevangeliet kapittel 22 og 23. Ein av salmane vi ofte syng ved innleiinga til lesinga er «Den stunda i Getsemane» eg aldri gløyma kan». Bjørn Eidsvågs «Til alle tider» høyrer også med i langfredagsgudstenesta.

Altertavle Indre Herøy: Altertavla i Indre Herøy kyrkje viser forteljinga frå påskedag om kvinna som kom til grava og fann grava tom! Maria Magdalena blir forskrekka, men ser opp og der står ein lysande engel som stadfester det som hadde hendt. Jesus hadde sprengt dødens krefter! Kyrkja vart innvia 18. august 1916. Kyrkjerommet er rikt dekorert og uvanleg fargesterkt, og målingsarbeidet vart utført av dekorasjonsmålaren Johan Haddal i 1921. 

Påskeaftan

Påskeaftan var ein dag for å grunne over Jesus som kvilte i grava. Vi har få tradisjonar knytt til påskeaftan, men helga blir ringt inn i kyrkjene våre i ein heil time på ettermiddagen. Mange stader i landet vårt er det vanleg å feire midnattsmesse, natt til påskedag. Det er spesielt å gå ut av kyrkja ved midnatt og synge ut over gravene at Jesus har sigra.

Påskedag

Mange kyrkjelydar samlar seg til felles frukost denne dagen. Det er tid for glede og fellesskap, og det fortset inn i kyrkja med festgudstenesta. Denne dagen vert det lest frå Matteus 28, 1–10 som handlar om at «tidleg på den tredje dagen etter at Jesus var død, gjekk nokre kvinner til grava. Då dei kom til grava, var steinen borte og grava open. Jesus var ikkje der». Evangelisten fortel om oppstoda, om Jesus som vann over døden og opna ein veg til livet for alle. Då kan vi gjerne synge med i Gruntvigs store påskesalme:

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.