Ordføraren svarar Senterpartiet om kommunale anbod på busstenester

Ordførar i Herøy Bjørn Prytz  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

På bakgrunn av ein epost sendt til alle medlem og varamedlem i Herøy kommunestyre, vil Senterpartiet i Herøy kome med fylgjande grunngjevne spørsmål når det gjeld kommunale anbod på busstenester. I slike høve skal ein fylgje reglement for kommunale anbod, og dei vil spørje:

1. Er det tilfelle at West Auto AS har tapt 5 av 5 kommunale anbod?

Svar: Nei det er ikkje rett. Dei har fått 2 avslag frå Oppvekst siste to år. Det eine galdt symjeskyss skuleåret 2019-20 og det andre galdt skyss til eit kulturarrangement for 14 dg sidan. West Auto AS har mellom anna vunne symjeskyssen for skuleåret 2020-2021.

2. Er det rett at nokre av desse tilfella vart avgjorde med små marginar?

Svar: Ja det kan være små marginar. I konkurransen om symjeskyss 2019-2020 var det ein margin på eit par tusen og kulturskyssen likedan. I konkurransar der berre pris er avgjerande, vert det rimelegaste valt.

3. Er det med rette at West Auto AS ikkje har fått delteke på enkelte anbod?

Svar: Det avheng av kva regelverk for innkjøpet som gjeld. Ein leverandørar har ikkje noko rettskrav til å få delta på alle minikonkurransar (innkjøp mellom 100 000 kr og 1,3 mill.kr), og på større anbod som vert lyst ut i Doffin, så må leverandørane sjølv følge med på kva anbod som vert lyst ut.

Når det gjeld kjøp av busstenester, så har Oppvekst adm bedt skulane om å be om pris frå mellom andre West Auto.

4. Finst det klausular i reglane for kommunale anbod der ein, dersom det syner seg samfunnsøkonomisk nyttig på eit lokalt plan, skal vurdere å prioritere lokale firma som leverandør, sjølv om løysinga medfører ei svakt høgare pris (jamnf. Vestvang Bokhandel og leveranse av utdanningsmateriell)?

Svar: Dette avheng av om regelverket for offentlege innkjøp gjeld, eller om innkjøpet er under grensa på 100 000 kr.

Er kjøpet under 100 000 kr så gjeld ikkje lov om offentlege anskaffingar, og det kan føretakast direkte anskaffingar der lokale føretak kan prioriterast.

Er kjøpet over 100 000 kr så gjeld lov om offentlege anskaffingar, og å sette vilkår om prioritering av lokal leverandør vil være ulovleg. Dersom det er relevant for produktet/tenesta som skal kjøpast inn, kan det settast vilkår som til dømes responstid og liknande vilkår, som kan gjere det enklare for lokale å vinne fram i konkurransar.