Fritt Ord:

10 på topp er i gang - 20. gongen det vert arrangert

  Foto: Lene Utseth

Fritt Ord

Situasjonen i år er framleis litt spesiell, men vi har likevel valt å arrangere 10 på topp. Dette er ei god moglegheit til å kome seg ut i frisk luft.

I år er det 20. gongen det vert arrangert 10 på topp. 22 personar har gått alle 19 åra og har moglegheit til å motta pokal i år, om dei deltek og fullfører.

10 på topp 2021 skal vere klar for sal fredag 26. mars.

I år som i fjor må alle ta sine førehandsreglar for å unngå spreiing av smitte. Vi kan ikkje pålegge butikkane å ta imot kontantar. Derfor oppmodar vi om å nytte Vipps (516813). Du må skrive namn på utsalsstad i kommentarfeltet, vise beteninga beløp og melding, så overføre pengane.

Når du kjem til toppen og ynskjer å nytte klypa, MÅ du ha med hanskar eller handsprit. Om du har gløymt dette, kan du føre dato du er der i ruta for klipp. Det er stas for ungane å få klippe, så hugs hanskar, og/eller handsprit.

Hugs avstandskrava når du går på tur.

Med mange kjekke og flinke turgåarar tenkjer vi dette skal gå fint også i år. Det er viktig med frisk luft og å kome seg ut av godstolen og få røre litt på seg.

Har du helseplager, kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere desse med A-turar. Du treng ikkje dokumentere dette. Det viktigaste er at du kjem deg ut!

Toppane i 2021

A-turar: Kvammen (Remøya), Vardane/Lynken (Remøya), Sollia (Moltu), Hidsegga (Moltu), Storevarden (Nerlandsøya), Skåla (Tjørvåg), Muletua (Kvalsvika), Børa (Kvalsvika), Vardeheida (Frøystad), Gyrinakken (Leikong), Huldrehornet (Mårvåg), Øyrahornet (Tjørvåg).

B-turar: Hornseten (Bergsøya), Herøy gard (Nautøya), Mørkevatnet (Moltu), Skaret (Sandvika), Teigetua (Nerlandsøya), Muletua (fjøretur Kvalsvika), Kvia (Moltu), Svarevatnet (Frøystad), Dynamittskuret (Leikong), Lysløypa (Leikong), Djupvikvatnet (Myrvåg).

Tek du fine bilete frå turen kan du godt dele dei på Instagram ved å skrive #herlegeherøy

Om du er usikker på vegen til toppane, finn du vedlagt forklaring i konvolutten, samt at du kan gå inn på morotur.no. Her finn du mange av toppane. Det er lagt ved kart over toppane.

Parkering for Børa i Kvalsvika:

I forklaringa til tilkomst står det at ein kan parkere oppe på Brekka, ved gamlevegen til gartneriet. Det er ikkje mogleg å parkere på Brekkane. Beklagar at dette ikkje er endra i forklaringa! Ynskjer ein å gå frå Brekkane kan ein parkere ved gamleskulen i Kvalsika og gå opp via Brekkane til Børa.

Det er ein fin tur å gå frå Mulevika som har stor offentleg parkering. Ein kan gå over fjellet til Børa og følgje skogssti attende til Mulevika. Vi håpar alle respekterer forbod mot parkering.

Det er viktig at også hunden får lufte seg. Vi oppmodar om å ha hunden i band og ta med hundepose.