Eldar Ove Voldsund takkar for kulturprisen:

"Største takka til alle i Herøy og andre plassar som ser på det eg lagar"

Prisvinnar: Eldar Ove Voldsund sa han ikkje hadde venta å få prisen.  Foto: Josefine Spiro

Fritt Ord

Takk for kulturprisen!

For meg har det å profilere Herøy og Herøy si historie via bilde, video og film vore ei stor glede, og dei mange tilbakemeldingane har kun vore positive. Å få Herøy kommune sin kulturpris for arbeidet mitt set eg utrulig stor pris på.

Kvelden før eg skulle motta prisen sa eg til fruen at; det måtte då vere betre at Marit Pauline Kvalsvik fekk den! Eg har stor sans for det detektivarbeidet ho utfører. At vi skulle stå ilag på scena på Fosnavåg konserthus for å motta heder og ære, var heilt fantastisk.


Prisdryss i Fosnavåg konserthus

Det har "hopa seg opp" med gjeve prisar under koronapandemien. Laurdag vart dei omsider delte ut under årets UKM-arrangement på Fosnavåg konserthus.


I dei siste åra har bruk av video teke heilt av på sosiale media, og dei fleste unge elskar dette verktøyet på mobilen. Men pass på, dei negative sidene ved ukritisk bruk er mykje sterkare enn nokon kan ane, og er vanskelig å rette opp i etterkant!

Det er uansett svært inspirerande å sjå kor flinke mange unge er. I dag er bruk av video og film eit naturlig vertøy, også for alle som har eit talent dei vil vise oss. Dei må berre stå på – ikkje være redde for å vise seg fram! Om nokon har vorte litt inspirert av mitt arbeid så er eg stolt av det.

I Mars i fjor fekk eg signal frå mange – ofte eldre og enslige, om at det var så kjekt å sjå videoane mine frå Herøy og Fosnavåg når dei no ikkje våga seg ut for ei dør.


Profilerer Herøy med film og gamle bilde

For snart ti år sidan lasta Eldar Ove Voldsund opp sin første video på YouTube. Siste året har kanalen hans hatt nær éin million avspelingar.


Eg bestemte meg då for å fortsette i dei baner litt, og det har då balla på seg til å verte mange videoar frå den flotte heimstaden vår – også med historiske vinklinger.

På YouTube har tusenvis i Norge, men også mange i utlandet, vist stor interesse for historiske filmar og videoar frå vår stolte fiskerihistorie. Derfor har eg i mange år samla på lokal, nasjonal og litt internasjonal fiskerifilm frå før i tida, og klipper og redigerer det så på min måte til diverse videoar. Sjølvsagt med linkar til Herøy og Havlandet der det måtte passe. Herøy-videoane på kanalen min har ofte besøk, slett ikkje berre av lokale sjåarar.!

Tusen takk til dei mange både her i Herøy og andre plassar som velvillig har gitt meg tilgang til materiale sitt slik at eg kunne lage det eg var ute etter.

Tusen takk til dei som har nominert meg, og juryen som har valt å gi meg Herøy kommune sin kulturpris for 2020. Det er ei slik stor ære at eg har vanskeleg for å ta det inn over meg.

Til slutt går den største takka til alle i Herøy og andre plassar som ser på det eg lagar – til Herøy kommune og Sparebanken Møre.