Frank Roy Moltu med sterke reaksjonar på forslag om ytre deponi i Fosnavåg:

"Korleis skusle bort 108 millionar kroner?"

Innlegg av Frank Roy Moltu (Sp):

FRANK ROY MOLTU:  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

Som kjent har Herøy kommune vorte tilkjent 108,5 millionar kroner til å bygge strandkantdeponi i indre hamn til dei ureine massane som er på botnen i Fosnavåg hamn. Det var Herøy kommune som søkte, og ordlyden i søknaden var medverkande til at Herøy kommune fekk tildelt ein so stor sum. Det vart tildelt 108,5 millionar fordi ein skulle bygge eit strandkantdeponi med næringsareal opp på det nye landområdet. Det var og nemnt i søknaden frå Herøy kommune at det skulle vere sentrumsnært. Det skulle lagast deponi til å halde totalt 106.000 m³ med urein masse. Det var slik at 16.000 m³ allereie var innafor grensa for deponiet og dei resterande 90.000 m³ er då spreidd rundt i hamna.

Når Kystverket vektar slike søknader er sjølvsagt mengda som skal deponerast utslagsgivande for den tildelte summen. Ein kan tenke at å påpeike dette er smør på flesk å nemne, men i så fall kva er det då dei tenker på med forslaget som Karl Oskar Sævik fremma på vegner av FrP-H-KrF?

Det som Kystverket og vektar tungt, er at det skal verte nytt næringsareal. Slik eg kjenner Kystverket so er dei ikkje so frykteleg opptekne av sentrumsutvikling, sjølv om dette var nemnt av Herøy kommune i søknaden.

Under kommunestyremøtet 04.02.21 fekk FrP-H-KrF fleirtal for å stoppe det vidare arbeidet med deponi i Paradisbukta, og dei var temmeleg klåre på kva det skulle jobbast med. Ytre hamn skulle prioriterast, med reservedeponi i steinuttaket på Igesund.

Etter dette vart det eit nytt ekstraordinært kommunestyremøte 04.03.21. I forkant av dette møtet vart fleire alternativ kasta opp i lufta. Men det vart snart klårt at deponi i steinuttaket på Igesund var ein dårleg ide, då det ville vere stor fare for at vatn frå dei deponerte massane vil sige inn i grunnvatnet. Det vart då lansert eit lite sjøkantdeponi på Igesund som ei mogleg løysing. Det einaste vi veit om dette tenkte deponiet er at det skulle vere vest av «Kleivaneset», og at det i alle fall ikkje var snakk om «Kleivavika». Vi har fleire gongar freista å få klarheit i kvar dette deponiet nøyaktig skulle vere, men utan hell. Vi har difor berre valt å omtale staden som «den løyndomsfulle vika» i daglegtalen.

På det ekstraordinære kommunestyremøtet 04.03.21 klemte dei skikkelig til med eit forslag der kommunen «skal», og «må» kjøpe og erverve grunn til dette føremålet. Du snakkar om å gjere ein god handel for kommunen umogleg. Det einaste dei var uklåre på var kvar massane skulle deponerast. Når ein les punkt 1 og punkt 4 i forslaget deira kan ein verte kraftig forundra.

1. Deponiet med forureina masser skal primært plasserast i sjøkantdeponi på ytre hamn i Fosnavåg, innanfor vedtatt reguleringsplan.

4. Dersom det er behov på grunn av manglande volum og plassmangel for forureina masser i punkt 1, så skal desse massane plasserast i sekundært deponi i bukta mellom is anlegget og «Menykaia» (framfor «Fiskarkona»).

Det er tre forskjellige variantar av deponi planlagt i ytre hamn. Det eine er eit heilt deponi i ytre hamn. Dette er akkurat for lite til å ta dei 106.000 m³ som er estimert i hamna, og er vurdert som ganske dyrt å byggje.

Men punkt 4 i forslaget gjer det klart at det ikkje er dette alternativet dei ser føre seg. Det fordi at dei gjer det klart at treng ein meir plass i deponiet, då kan ein nytte området mellom «Meny» og isanlegget. Då er det berre dei 2 deponia under dei faktisk forslår.

Utklipp frå saksdokument 

Karl-Oskar Sævik gjekk på talarstolen og kravde handling, og sa at han var handlingens mann. Men det dei faktisk har foreslått er å søke om eit deponi i ytre hamn i «Igesund vika» og muligens eit i den sokalla «Esso vika».

Vi skal altso deponere 106.000 m³ urein masse i «Igesundvika», som ein bereknar skal halde 18.000 m³, og muligens i «Esso vika” som ein bereknar skal halde 27.400 m³. Dette er totalt 45.400 m³ med deponivolum.

Det er dette eg her syner til i innleiinga. Då vi fekk tildelt 108.5 millionar kroner var det fordi vi skulle deponere 106.000 m³ med urein masse. No har alle dei andre deponi forslaga til FrP-H-KrF forsvunne som dugg for sola. Dette må då vere det minst gjennomtenkte forslaget som nokon har sett fram i denne saka, og den har vorte utgreia i alle kantar og retningar.

Kvar skal dei resterande 60.600 m³ deponerast? Forslaget til FrP-H-KrF gjer det berre klart at vi skal deponere 18 000 m³, so her vil størsteparten av dei 108,5 millionane forsvinne. Det er klart at her har ikkje namngjevne deponi forsvunne frå planane deira, samt at dei kanskje har leika med ideen om sjødeponi som Paul Storholt frå Agder Marine opplyste om. Men som Kystverket sa, so vert det ei heilt anna bevilling om det skal nyttast sjødeponi enn ved strandkantdeponi.

Og kva med det nye næringsområdet som stod i søknaden frå Herøy kommune, omtala for å få denne støtta? Ytre hamn er staden der den nye bydelen skal byggast. Norconsult gjorde det klart at å bygge bustadar over eit deponi ikkje naudsynlegvis ville vere mogleg. I den nye «Veilederen» som no har kome ut vert ikkje dette anbefalt, og med den informasjonen so parerar FrP-H-KrF at då kan ein ha bubilparkering der. So draumen deira er campingplass i ytre hamn.

Med tanke på at dei vil ha deponi i Fosnavåg ytre hamn so må ein sjå på dei totale konsekvensane av dette. Å berre nytte Igesund vika med sine 18.000 kubikkmeter er utelukka. So den sokalla Esso vika må nyttast, og husk at det er berre eit heilt deponi som er i stand til å vere i nær heit av å halde all massen. Vert Esso vika nytta so må nokon fortelje meg korleis Herøy kommune skal løyse problematikken med MH-24 sitt bunkers- og isanlegg. Det er greitt at ein kan få til ei avtale med grunneigarane, men har vi sørga for at is- og bunkersanlegget kan drifte i anleggstida?

Det er noko som sei meg at når spuntveggen vert lagt til deira nordlege kai hjørne, so kjem ingen båtar dit. MH-24 har ikkje mange tilsette, men dei leverer ei særdeles viktig teneste som er livsnødvendig for Fosnavåg og Stokksund som fiskerimottak. Og er utan denne bedrifta vill det og vere Sjark fiskar i Herøy bety mange fleire døgn vekke ifrå hus og heim, og dermed blir Sjark livet mindre attraktivt for Herøyværingane. Det att FrP-H-KrF ikkje har ofra ein tanke til sjark fiskarane våre er det best og ikkje kommentere i detalj.

Må båtane gå til Ålesund for is og bunkers, då vert det å levere fangsten i Ålesund. Dette er problem som må løysast i anleggstida. I tillegg so må det byggast kai etter at deponiet er bygd, og dersom ikkje, so er det ingen grunnlag for vidare drift på denne lokasjonen. Eg fattar ikkje att sjarkfiskarane i Herøy ikkje roper varsku mot å miste is- og bunkersanlegget.

Kva vil i so fall stordeponiet i ytre hamn koste Herøy kommune?

Stordeponiet er kostnadsberekna til å koste opptil 283 millionar norske kroner. Ei kai kan vel byggast for 20 millionar, so dei totale kostnader for kommunen vert rundt 303 millionar. Reknar ein frå bidraget frå Kystverket, so sit Herøy kommune med ei rekning på 194.5 millionar norske kroner. Og det før ein trekk frå det myndigheitene skal trekkast fordi dette ikkje skal gå til nytt næringsareal. Og då har eg ikkje tatt med grunnkjøp som FrP-H-KrF har forslege i vedtaksform SKAL KJØPAST av Herøy kommune. Det er dette dei Handlekraftige politikarane i Herøy vill.

Vi i Senterpartiet voner at vi klarar å over bevise deler av denne konstellasjonen om at dette forslaget er dårleg gjennomtenkt og vil føre til ei sterk redusering av dei løyvde midlane, og at dei heller ikkje har forklart kva dei skal gjere med all den forureina massen. Eg påpeika dette på kommunestyremøtet, og lurte på om dei hadde Kleivavika eller sjødeponi i tankane når dei kom med dette forslaget. Karl Oskar Sævik gjekk fram og sa at det var det ikkje.

Planane deira vil føre til kraftig avkorting i tilskotet til mudring. Hittil har det berre vorte kostnadsberekna at Igesund vika med sine 18.000 m³ kjem til å koste 50 millionar.

Kva det vil koste totalt veit ingen.

Og å nytte Holmefjorden som sjødeponi veit ingen kostnaden av. Men Holmefjordens djupaste punkt har allereie ei svart sky av forureining ifølge Runde Miljøsenter. Vel dei denne ufullstendige løysinga må den også til dekkast. FrP-H-KrF sitt forslag kjem til å koste Herøy kommune dyrt, og det einaste som er sikkert er at vi kjem til og få Nord-Europas mest eksklusive campingplass!