Innlegg frå kyrkjene i Herøy:

Opne gudstenester igjen

Fritt Ord

Då har vi enno ein gong fått oppdaterte Smittevernvegleiar, og med det kjem det endringar i korleis vi kan samlast i kyrkjene.

Vi er glade for at det no er opning for nye samlingar i kyrkjene våre. Vi kan, etter gitte retningslinjer samle barn og ungdom og vi kan igjen samlast litt feire til gravferder og til opne gudstenester i kyrkjene!

Det er likevel restriksjonar på kor mange vi kan vere samla og korleis samlingane våre kan føregå. For oss i staben er det veldig viktig at vi legg opp til godt smittevern slik at risikoen med å samlast vert minimert. Vi tenker no at gjeldande retningsliner hjelper oss å planlegge samlingar der smitterisikoen er liten.

Sjølv om det no er opna for at ein kan samle inn til 100 menneske til gudstenester, dåp og gravferd, kan ein likevel ikkje samle fleire enn at det er mogleg å halde 2 meter avstand mellom dei ulike kohortane når vi deltek i allsong. På denne bakgrunn har vi hatt ein gjennomgang på kor mange det er plass til i dei ulike kyrkjene våre.

Store Herøy kyrkje, med sine 500 vanlege sitteplassar har god plass til 100 menneske sjølv med pålagt avstand på 2 meter mellom kohortar.

Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje har plass til i underkant av 50 menneske under dei gjeldande reglane.

Vi er uansett no glade for at vi igjen kan invitere til gudstenester i dei flotte kyrkjene i Herøy. Framover vil vi fylgje oppsett gudstenesteplan, og denne søndagen er det gudstenester i Indre Herøy kyrkje og i Herøy kyrkje. Sidan alle skal få tilvist plass, ønsker vi at flest mogleg melder seg på ved å ta kontakt med kyrkjekontoret på førehand. Det er også ope for at De kan kome til kyrkje og vente på å få tilvist plass. Vi prøver oss fram med eit system med nummererte plassar, og det er viktig at alle fylgjer dei råda ein får når ein kjem til kyrkja.

Dei oppdaterte reglane opnar dessverre ikkje for at vi kan samlast til kyrkjekaffi, så det får vi ha til gode til det kjem nye og betre tider!

Velkomen til kyrkje i Herøy!