Innlegg av Knut Horvei Espeseth:

"Ein vert rysta over å sjå hovmodet fra Molde"

Herøy gard og Musea på Sunnmøre

Herøy gard: Herøy kommune er ein av tre museumseigarar som har sagt nei til å fusjonere seg inn i eit regionmuseum for Sunnmøre. 

Fritt Ord

Ein vert rysta over å sjå hovmodet fra Molde. Såvel Erik Venja, som min bestefar Kristian Horvei, ville snudd seg mange gonger i gravene om dei visste kva press som vert lagt på Herøy. Det finst berre ein Herøy Gard og kommunen må ikkje la den skuslas bort til Molde.

Gode herøyværingar, lat oss gå saman om ein kronerulling slik at Jekta kjem under tak i fyrste omgang. Ei krone er ikkje mykje verd, så det måtte bli med minimumsbeløp på Kroner Eitt hundrede, men sjølsagt med moglegheit for å toppe dette til det beløp ein måtte ynskje å gi.

Det heile kan vel organiserast gjennom Vestlandsnytt, Steinsvik og Banken.

Ikkje gløym at det er plenty utflytta herøyværingar som gjerne vil vere med. Eg kan gjerne sette opp ei utfordrarliste for min del.


Knut Horvei Espeseth, Nørst i Valdres