Fritt ord frå Bjarne Kvalsvik

Vegane politikarane gløymde

Fylkesvegane på Nerlandsøya er av dei dårlegaste og mest trafikkfarlege på Sunnmøre. Trass i dette ser vi oppslag der tidlegare politikarar i Herøy går ut i avisa og prøver å latterleggjere ny veg over Teige.

Teige: Trafikksituasjon på Teige.  Foto: Bjarne Kvalsvik

Fritt Ord

Om ein samanliknar Teige- vegen med andre vegar, er det om lag som gamlevegen på Leine gjennom «Klongrane». Eller gamlevegen på Remøya med «Sjurbakken» i Sævikane. Ja, eg har køyrt der med buss så eg veit korleis det var å køyre der.

Nektar å køyre

Verneombodet i Vy, som er busselskapet som har rutekøyringa for fylket, kjem med eit naudrop. Der fortel dei om trafikksituasjonen frå krysset på Kvalsund til Kopperstad om morgonen når skulen startar. Om ikkje drastiske forbetringar skjer, så nektar dei å køyre der. Dei siste vekene har eg ferdast mykje i dette området. Det er heilt klart kaotisk, og ingen stad har farlegare skuleveg i Herøy.


Verneombod for bussjåførane:

– Stor psykisk belastning

Bussjåførane som køyrer skuleruta til og frå Nerlandsøy skule sit med hjartet i halsen, med stor frykt for at det ein dag vil skje ei ulykke.



Trafikal utfordring på Nerlandsøy:

Bussjåførar uroa for tryggleiken til skuleelevar

Kommunedirektør Trond Arne Aglen kunne torsdag orientere om det som har vist seg å bli ei trafikal utfordring på Nerlandsøy om dagen.


Frå Bedehuset til skulen er der som eit 17 mai-tog med born på vegen. Når plogen eller bussen kjem, må alle opp på brøytekanten. Det er ingen god situasjon. Eg har opplevd flotte born godt utstyrte med reflex, som vinkar og er nøgde. Men vi har svikta i høve til å legge til rette for ein trygg skuleveg. Om skulen framleis skal være på Nerlandsøya, er vi nøydde til å gjere noko her. Men her må foreldra og folket vakne. Eg vil ha skule på øya, men vi må få klare signal frå dykk foreldre kva de vil.

Teigevegen

Det er sjølvsagt med bakgrunn i ny bru og behov for stein på Nerlandsøysida, der steinuttak på Teigeneset/Verpingneset kom opp som alternative stadar å ta stein. Tanken var at spelar vi på lag med fylket, så kan kanskje starten på ei ny tryggare vegløysing over Teige kome no. Vegløysinga skulle kome når Leine, Voldsund, Remøy, Torvik, Bø Arhaug med meir fekk nye vegar.

Det var kjempa ein heil del. Artur Sund var tideg ute med underskriftsliste, men linjene som var peika inn møtte motstand, og striden vart for stor. Slik ser vi det også i dag. Ingen ting skjedde, dei andre bygdene fekk nye vegar, men ikkje Nerlandsøya. I Kommuneplanen har veg vore teikna inn lenge. Trass i dette har folk fått bygge inntil veglinja og vi ser korleis det verkar i dag.

Farleg og vanskeleg

Vegen frå Teigeneset til krysset ved brua er ekstremt krevjande. I går talde eg spor etter 6-7 utforkøyringar på strekninga. I tillegg kjem alle dei eg og andre har slept opp i snøvêret, som ikkje er synlege i dag. Bussane køyrer stadig gjennom byggefeltet fordi dei ikkje finn vegen trygg nok. Ein fylkesveg, der fylket sine ruter ikkje torer køyre. Har vi det andre stadar i kommunen?

Skuleborna frå nørste Teige har vore tolmodige og eksemplariske. Dei har gått veggrøfta heile livet, og no går dei på brøytekanten. Ja, slik har skuleborna det her på Nerlandsøya.

Eg kallar det «Eljesvingen og Eljekrysset», beklagar om namnet er feil. Her skal borna frå Teigelia krysse medan bilane frå Kvalsvik/Teige kjem seglande ned her. Kan det bli farlegare?

Eg vart vitne til ei hending her som verkelig skremde meg. Det kom tre små, godt utstyrte med reflex, akebrett og anna utstyr og skulle krysse vegen her på skuleveg frå Teigelia. Ein bil frå Kopperstad og ein ned «Eljesvingen», med vikeplikt og bremsing på sleipt føre, så blir det som det måtte bli: To bilar som seglar mot dei tre borna. Men borna er raske og kjem seg unna.

Når ein er vitne til slike situasjonar, undrast eg over foreldra til borna i Teigelia som stiller opp i protest mot ny vegløysing. Men det er kanskje ting eg ikkje ser eller veit , men det bør vi kunne snakke om?

I følgje bussansvarleg i fylket er det ingen vegar sjåførane kvir seg slik mot i Herøy som desse to fylkesvegane. Det triste er at eg føler store politiske parti motarbeider å få til forbetringar. Går vi i lag, folket i bygda og dei politiske partia, ja då klarer vi å få til varig betring. Vi har stor makt også over for fylket, om vi alle er samde om å finne ei løysing no.