Legesituasjonen i Herøy:

Veit dei gamle alltid best?

Etter fleire lesarinnlegg frå tidlegare kollegaer, så kan det vere greitt at den yngre garde også tek bladet frå munnen. For det er nettopp som Per Steinar Runde seier, det er den som har skoen på som veit kvar den trykkjer.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Meiningar og synsing om legevakt, rekruttering og mangel på legar i distriktet og arbeidsmiljøet kunne blitt gjeve ut i «samlede verker» i fleire band, og kunne gjerne vore gjenstand for eit forskings-prosjekt. No er det heller få i målgruppa av potensille søkjarar som les Vestlandsnytt, dei må ein nok finne i andre kanalar og medier, men meiningane står på trykk - og folkeopplysning skadar sjeldan nokon.


Klare bestillingar frå helseavdelinga om legesituasjonen i Herøy:

– Legevaktordninga er berebjelken

Gjennom ei orientering i formannskapsmøte tysdag kom Helse og omsorg-avdelinga med klare bestillingar på kva Herøy må gjere for å stabilisere fastlegesituasjonen. Her står ein ny legeplan og ei løysing for legevaktordninga sentralt.


Fastlegar/allmennmedisinaren er eit eiga fag, eit eige utdannings- og fagløp som leier fram til å bli spesialist i allmennmedisin. Eit utdanningsløp på lik linje med kirurgen og indremedisinaren, overlegane på sjukehuset. Og det er krav til fornying av kunnskapen kvart 5. år. Dette er unikt for spesialisten i allmennmedisin/fastlegen. Kirurgen på sjukehuset treng ikkje slikt bevis på sin kunnskapsoppdatering. Det er denne spesial-legen vi manglar i distrikta. Dei unge søkjer ikkje slike stillingar med mindre dei ligg heilt sentralt rundt Oslo. Sjølv i Bergen slit dei med rekruttering til denne spesialiteten.

I Herøy kommune ligg det i avtalane til kvar enkelt lege at det er dit ein skal - ein skal verte spesialist, og kommunen legg til rette for det. Kva er så grunnen til at dei nyutdanna ikkje vil gå til dekka bord?

I samtale med ein del studentar så kjem det tydeleg fram at universiteta ikkje framsnakkar allmennmedisin som fag. Har det vorte «annanrangs» å vere fastlege? Arbeidstida vert trekt fram. Det er mykje arbeid, og arbeidsdagen er for dei fleste ikkje ferdig kl. 16. Det er det vel heller ikkje i dei fleste andre yrke, vi lever trass alt i eit 24/7-samfunn. For dei som har familie, er ein avhengig av ektefelle/sambuar som tek tak – no som før! Tidlegare var distriktslækjaren ein mann med heimeverande kone – slik er det ikkje lenger.

Nye ordningar for denne spesialistutdanninga kom så seint som i 2019 og med ei overgangsfase på fleire år. Pandemi eller ikkje, rettleiaren kom ikkje før i 2020!

Vaktene kjem i tillegg. Ein har plikt til å utføre legevakt i tillegg til ordinært arbeid i opningstida for legekontoret, kveld frå 15-22, natt frå 22-08 og helg 08-22. Det er sjeldan det går ei høgtid eller ein «raud dag» forbi og at ein går klar. Så arbeid kvar påske, jul og pinse må ein rekne med. Det er trass alt eit kollegie ein jobbar i, ikkje sin eigen butikk. Ein er sjølvstending næringsdrivane frå 08-16 dagleg, men utover dette er legevakt ei kommunal plikt også for den sjølvstendig næringsdrivande.

Ein må ha høg arbeidsmoral og like å ta i eit tak. Ein må vere budd på at ein kollega blir sjuk og seier ifrå seg ei vakt, kvardag som høgtid, natt, kveld eller helg. Så er det ikkje så rart at presset blir høgt, og mengda blir så stor at det går ei kule varmt. Då treng ein gode kollegaer og ein god arbeidsplass. For eit arbeidsmiljø kjem ikkje av seg sjølv. Eit godt miljø skaper trygge omgjevnadar og ein god plass å vere både som pasient og som arbeidstakar. Legekontora er der for pasientane og ikkje omvendt. Det er banalt, men også svært viktig å hugse på!

Det har vore mange rundar om legevakta gjennom åra. Veit dei gamle alltid kva som er best? Er det viktigast at legevakta ligg nær, eller er det viktigare med kvaliteten på hjelpa du får? Eller er det viktig at drivaren av legevakta fylgjer krava til slik praksis?

Ei ny forskrift er vedteken, men utsett iverksetting gjer at ein ligg nokre år bak intensjonen. Kommunane greidde rett og slett ikkje å stette krava som vart stilte. Ein skal ha legevaktskompetanse for å gå sjølvstendige legevakter. Helst vere spesialist i allmennmedisin, eller i det minste ha nokre år på baken. Og det er flott, veldig flott! For som nyutdanna, kome frå trygge omgjevnadar i eit sjukehusmiljø der ein alltid har erfaring og kompetanse rundt seg, så har tradisjonen vore at legevaktslegen har vore åleine. Det har vore både truande situasjonar, situasjonar der det er for lite med berre to hender og tilfelle der mange ting skjer samstundes. Det er ingen andre i blålys-etatane som rykkjer ut åleine. Det er ei plikt å rykke ut til hendingar, og legen skal ikkje rykke ut åleine. Hjelpepersonell gjer det mogleg for legen å rykke ut medan nokon andre kan følgje med dei som ventar på venteromet, dei kan også bli akutt verre og det er trass alt ein grunn til at dei er der.

Det nye lovverket sikrar at dei som ikkje har like lang erfaring skal ha ei bakvakt. Per no er det 5 spesialistar i Herøy og Sande som kan ha denne rolla, men i tillegg skal også desse gå eigne vakter. Det gjer det vanskeleg å halde fram som før. Forsøk på få til noko større på Ytre Søre har ikkje bore frukter og ein hamnar raskt i den uendelege lokaliseringsdebatten som er lite konstruktiv. Legevaktsmedisin er eit fag - og eit fag i utvikling - som ein må halde seg oppdaterte på. Krava er store og situasjonane om mogleg endå skarpare. Det er godt å ikkje vere åleine på vakt og med fleire til stades vil det også verte tryggare for pasientane. Det er greitt å vite at den du møter i ein sårbar og fortvila situasjon, faktisk kan – og er drilla i – situasjonen og kan yte den beste hjelpa.

Rekruttering til ein bransje som har utfordringar nasjonalt er ikkje lett, og det må nok mange tiltak til. Stimulering med løn og pengar har kun kortvarig effekt, og eit verkemiddel som ikkje bit på alle. Å vere fastlege er for mange ein livsstil og ikkje ein jobb. Det appellerer ikkje og endringar i både mengde og lengde må vere overkomelege. Med eit godt fagmiljø og trygt godt arbeidsmiljø kjem ein langt, då greier ein også strekke seg enda litt lenger om det røyner på.


Legg samanslåingsdebatten om legesentera i Herøy død:

Legeplan med dagens ordning

Kommunestyret i Herøy sette torsdag strek over diskusjonen om å konsekvensutgreie eit samla legesenter. No ber dei om at ein startar arbeidet med ein legeplan med utgangspunkt i dagens legesenterstruktur.