Reidun Eggesbø kritisk til deponi i Paradisbukta:

Ikkje giftige massar?

Paradisbukta: Skal Bergsøya og Eggesbønes vere ein god plass å bu for framtidige generasjonar, eller botnlegg og øyyelegg vi no fordi vi treng kjappe løysingar, spør innsendar Reidun Eggesbø.  Foto: Jann Flatval

Fritt Ord

Pappa fortalte ofte om korleis dei i hans oppvekst på kalde dagar drog inn i Eggesbømarka, for der var det alltid så fint og lunt. Ei myr, godt skjerma av Eggesbøsteinane mot sør og ei rad haugar mot nord. Eit lunt og skjerma område der folk i tidlegare tider søkte ly og budde. Ei badestrand, Paradisbukta, der vi som ungar bada og kosa oss. Eit skogsområde som var eit eldorado for leik. Naturområde tett på. Med hubro. Noko av idyllen har måtte vike for næringsutvikling, men betyr det at vi berre skal øydelegge resten?

Spørsmålet er kva vi ønskjer å bruke slike gode og lune område til i vår kommune. Skal Bergsøya og Eggesbøneset vere ein god plass å bu for framtidige generasjonar, eller botnlegg og øydelegg vi no fordi vi treng kjappe løysingar?


Klokka tikkar for hamne-millionane i Fosnavåg hamn:

Lokalpolitikarane slit med å velje deponialternativ

Høge deponikostnadar skapar hovudbry i Fosnavåg Hamn-saka for dei folkevalde i Herøy. Formannskapet bestemte tysdag å tilrå vidare arbeid med deponiløysing i Paradisbukta, men samstundes vegrar dei seg for å utelukke andre alternativ og held døra på gløtt inntil vidare.


Lurer du på kva eg snakkar om? Det er kommunen sine planar om å legge deponi for dei forureina massane frå Fosnavåg hamn i område ved Paradisbukta. I møtet i formann- skapet tysdag 26.01.21 seier assisterande kommunaldirektør Nørve at det rår usikkerheit i samband med kor vidt deponimassene er farlege eller ikkje. Han uttalar vidare at om massane frå hamna viser seg å vere farlege, så må dei køyrast vekk til eit godkjent deponi.

For å finne ut om kor forureina og farleg massene er, anbefaler eg politikarane å lese den rapporten som kommunen bestilte frå Rambøll i 2013. Tungmetall og organiske miljøgifter. Kvikksølv og bly, PCB, TBT, PAH. Lista er lang og konsentrasjonane er høge. «Dagens sjøbotn kan for det meste karakteriserast som meget sterkt forureina (Tiltaksklasse 5,- som er av dei høgaste klassifiseringane)» står det i Rambøll-rapporten.


Grunneigarane til Paradisbukta og Eggesbømarka reagerer på kommunen sine planar:

Vil ikkje selje til industri eller deponi

Om grunneigarane var skeptiske før, har skepsisen ikkje blitt mindre når det no er tale om å gjere Paradisbukta om til deponi for slam frå Fosnavåg hamn.


Utdjuping av Fosnavåg hamn og samtidig fjerning av forureina sjøbotn. Miljøgifter som har samla seg over tiår med skipsverft, notbøteri, slipp og andre utslepp. Rapporten som kommunen bestilte frå Rambøll i 2013 viser at det er sjøbotnen i Indre Nørvågen som inneheld særleg høge konsentrasjonar av miljøgiftene bly og kvikksølv, PAH og TBT (TBT vart brukt som botnstoff på båtar i mange år). Det same er tilfelle i svært mange byar og hamner i landet vårt. Oppreinsking av forureina sjøbotn vert gjennomført i heile landet. Reinare Hamn heiter den nasjonal satsinga. Ønska utvikling. Store og omfattande prosjekt.

Fleire har gjort det før oss. Det finnest ulike løysingar. Forureiningslova seier at fyrstevalet skal vere å transportere den forureina massa til godkjende deponi.

Eg har vore inne og sett på løysingar andre har valt. Det dei har til felles, av dei som ikkje transporterer til godkjendt deponi (som Ålesund kommune), er at dei vel løysingar som ikkje omfattar transport av massane vekk frå området der dei blir tatt opp. I Bergen har dei dekt til massen. Trondheim har valt både tildekking, deponi i sjø og sjøkantdeponi. Hammerfest har valt den vanlegaste løysinga; sjøkantdeponi. Dei skaper nytt næringsareal i dei hamnene dei mudrar. Nye kaier. For ny lovgivning ( 2020) tillèt ikkje at ein set opp bygg på av deponia. Det vil kunne vere helseskadeleg for menneske å opphalde seg i slike bygningar. Gass.


Kommunestyret har gjort nytt vedtak om Fosnavåg hamn

Kommunestyret samla seg om fellesframlegg om korleis framtida til Fosnavåg hamn-prosjektet ser ut.


I Stortingsmelding 14 (2006-2007)» Saman for et giftfritt miljø, - forutsetninger for en tryggere fremtid» blir det mellom anna peika på at det er ein del problemstillingar i høve det å deponere sjøbotn på land. Handtering og reinsing av sigevatn frå deponi, fysisk, kjemisk og biologisk stabilitet, luktproblematikk og transport er mellom dei faktorane som blir nemt. Miljøgifter og matproduksjon? Miljøgifter i grunnvatnet?

Og no vurderer kommunen å flytte slike masser til det som framleis er eit ganske urørt naturområde! Myr. Ein type natur som ein mange plassar rehabiliterer, - fordi myr er så viktig når det gjeld lagring av CO2.

Planane om deponi gir store inngrep i naturen. Massene frå Fosnavåg hamn er stipulert til å vere på over 110 tusen kubikk. Det skal skytast ut store hol/deponi for å få plass til dette, myr skal fjernast, 110 tusen kubikk skal transporterast, vegar må byggast, kaier må byggast, støy, lukt. Store irreversible inngrep i naturen. Kostnaden dette vil påføre kommunen er også astronomisk. 150 millionar. Ein anleggsperiode gir år med støy og luktproblematikk, og med ein steinørken som resultat. Oppretting av «Den grøne lunga «som pillen vert sukra med, er vel like realistisk som den vakre parken som grunneigarane på Breineset vart lova den gongen bossplassen vart anlagt på Eggesbønes.

Kva er det vi vil med Bergsøya? Er dette greitt? Er det dette vi vil prioritere?

Nytt potensielt næringsareal vart lansert i Torvika no i januar. Sjønært. Flatt. Utbyggingsvillig. Så om det er næringsareal ein er på jakt etter, så finnest det alternativ.

I Ulstein planlegg dei, i følgje Statsforvaltaren, eit deponi for denne typen forureina massar som representerer ein fare for miljøet. Har kommunen vurdert denne løysinga?