Innsendt:

Veslefrikk Amatørteater i Sande med digital framsyning av Snekker Andersen og julenissen

Familien Snekker Andersen: Dette er noko å gle seg til: Teater – på nett – rundt hjørnet! 

Fritt Ord


Veslefrikk Amatørteater såg dagens lys hausten 2020. Teatergruppa var eit resultat av to unge damer på Larsnes som hadde lyst å drive med teater. Mariela Haugen og Silje Oksavik er drivkreftene bak teateret. Målsetjinga var å setje opp teaterstykket om Snekker Andersen og Julenissen på Breidablik på Larsnes.

Det såg lenge ut til å kunne gå bra, men smittevernrestriksjonane vart diverre for vanskeleg å handtere for ei fysisk framføring. Fleire øvingar måtte avlysast på grunn av lokale smittutbrot, og utan fastmonterte stolar vart det lite publikum i salen. Arbeidet byrja då med å sjå etter andre måtar å syne fram teateret på.

Snekker Andersen og julenissen: Dette blir bra. 

Vi sette av ei langhelg, rigga scener, og spelte inn stykket. For skodespelarane vart det lange dagar. Vi måtte både øve og spele inn kvar scene i løpet av ein dag. Det er imponerande å sjå kva borna får til med så lite fellesøving, det skin gjennom at det har vore mykje heimeøving. Måten å presentere teater på er ny for både skodespelarar og gjengen bak kulissane. Likevel er vi stolt over å kunne presentere teaterstykket på trass av dei utfordrande tidene vi er i.

Teaterstykket vert gjort tilgjengeleg for kjøp via Sande NettSyn sine heimesider, og teateret «opnar» lisjejulaftan, og held ope til og med nyårsaftan. Vi vonar så mange som råd har lyst å kjøpe billett og sjå resultatet, og dermed vere med på å støtte den nyoppstarta teatergruppa. Vi har også lagt opp til at den som ynskjer å støtte oss med litt ekstra, kan kjøpe ein dyrare strøymebillett. Vi har fått uvurderleg støtte frå Frifond og Sparebanken Møre; utan desse gode støttespelarane hadde vi ikkje fått til noko i det heile.

Til slutt vil vi ynskje alle ei god jul og eit godt nytt år, og ser fram til eit nytt teaterår i 2021!