Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har gitt uttale til ein del saker som følgjer av langtidsbudsjettet. Vi håper kommunen vil ta innspela våre med seg videre for perioden 2022-2024:
Omheimling av sjukeheim til bukollektiv og storkjøkken på institusjonane: Rådet meiner det har vore svært mangelfull brukarmedvirknad i sak om omheimling av sjukeheim til bukollektiv ved Raud og Grøn avdeling (frå 2022-2024). Rådet ber om at dette vert vurdert på nytt, etter at det er oppnemnt brukarutval på tenestenivå som kan delta saman med aktuelle organisasjonar i planarbeidet for korleis eldreomsorga i Herøy skal vere i framtida. Vi ber om at kjøkkenstrukturen på sjukeheimane, som det ligg forslag om i 2023, også vert vurdert då.
Støttekontakt:
Rådet legg merke til at det ifølgje Helsedirektoratet sine tal berre er 52,61 % av dei funksjonshemma som synest at dei får dekka behovet for bistand til å delta på fritidsaktivitetar. Rådet ber kommunen om å sikre at dei som treng bistand til å delta i fritidsaktivitetar, får det i samsvar med reglane.
Auka avlastning barn:
Rådet støttar at det leggast inn meir pengar til avlastning for barn.
Kutt - Samlokalisering og velferdsteknologi:
Rådet ber om at det vert oppnemnt brukarrepresentantar til arbeidet med å utgreie/førebu samlokalisering av tenestene til dei som bur i omsorgs-
bustadar med heildøgns bemanning, jf. kravet til medverknad. Vi minner også om kravet til brukarmedvirknad i tenestene til dei som bur der. Menneske med nedsett funksjonsevne har rett til å velje sjølv kvar dei vil bu. Om kommunen sine butilbod vert for dårlege, kan ein risikere at fleire vel å busette seg i eigen bustad, noko som utløyser ei plikt for kommunen til å yte bistand individuelt i staden.
Husbankmidler:
Rådet er uroa over sakshandsaminga av Husbanksøknader i kommunen. Vi ber om at det vert fortgang i å handsame sakene. Rådet ber kommunen om å sette av nok midler gjennom Husbanken til å gi tilskot til utgreing og prosjektering, samt til tilpassing av bustad, for å sikre at innbyggjarane kan bu heime og vere sjølvstendige så lenge som mogleg. Særleg viktig sidan det ikkje er mange universelt utforma lettstelte leilegheiter sentralt i kommunen på den private marknaden.