Fritt ord:

Forslag om "Webkamera på Runde"

Innlegg av Svein Eiksund.

  Foto: Svein Eiksund

Fritt Ord

Det regjeringsoppnemnde demografiutvalet, som vart leia av Victor Norman, konkluderer med at: Det er dei kreative kommunene, dei som klarer å eksponere sin eigenart, som vil overleve inn i framtida. Mange av utkantane vil dessverre sakte men sikkert kunne bli nokre naturfagre gamleheimar der ungdomen er fråværande.

Eit lite innspel i eksponering av eigenart, kan vere å synleggjere den spesielle og storslagne naturen på øysamfunnet Runde. Ei slik naturperle er eit aktivum.

For å gjere denne attraksjonen endå meir tilgjengeleg og syngleg for alle, vil eit webkamera kunne opne for eit permanent utsyn og vidsyn.

Dramatikk: Dramatiske situasjonar som denne frå 1988 kunne ha vore interessant å følgje på web-kamera. Faksimile frå Sunnmørsposten. 

På Runde fyr

Eit webkamera plassert på Runde fyr, ville gi eit vidsyn frå Stad til Ålesund. Ein kan berre retrospektivt fantasere over alt ein kunne fått med seg bak gjennom tida, frå Akrendamforliset, til Brand 5 som grunnstøytte rett utanfor fyret. Ein kunne fått med seg korleis kolossen, som skulle til Ulstein Verft, vart kasta opp på Kvalen. Eller korleis Arisan kjempa sin siste kamp. Frå dette perspektivet ville ein sjå all trafikk forbi kysten frå cruiseskip til dei minste fiskebåtar. Sjølvsagt vil naturen sitt fargerike spel, frå storm til solnedgang, vere tilgjengeleg for alle, frå fjern og nær, seint og tidleg.

Vidare er det sjølvsagt mogeleg å plassere webkamera som peikar inn mot Storebranden for å nyte synet av det pulserande fuglelivet. Den store havsulekolonien med ørner som stadig gjestar dei, eller eit kamera som fangar opp Lundeura sommarstida, ville vere også vere fascinerande. Desse kystens papegøyer sjarmerer i stor stil.

Endeleg ville eit kamera plassert på Loshytta kunne få eit rundskue frå Goksøyra, Tinden, til Godøy, Ålesund, Hareidlandet og til Herøy..

Rundebranden  Foto: Svein Eiksund

Ein glad gjevar?

Det kan godt vere at eit eller fleire av dei større selskapa i Herøy såg verdien av dette med ei kobling til sitt firma, eks: (litt fancy); Havila view, Olympic widescreen, Rem coastview, Thon seasight, Tussa seaview, eller kort og godt heilnorske namn.

Det kan nemnast at Sunnmørsposten har eit webkamera på Fjellstua i Ålesund (populært), og nyleg vart det plassert eit webkamera på Kråkenes fyr (Nordfjordnett. Også populært i storm osv).

Svein Eiksund