Per Sævik fyller 80 år:

Med teft i toppen og saltvatn i kroppen

- Eg ville berre sjå om eg greidde det. Det var svaret til seks år gamle Per då mora forstøkt spurde kva han hadde tenkt på då den vesle gutungen hadde teke færingen og rodd ei nautisk mil heimanfrå og tvers over fjorden til Fosnavåg.

I kjent stil: Her ser vi Per Sævik, i kjent stil på kontoret sitt på Mjølstadneset.   Foto: Pressefoto/Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Havila-gründer, høvedsmann og haugianar Per Sævik fyller 80 år 15. desember, og i samband med 80-årsdagen overleverte Per Sævik ei gamal år av den typen han brukte som seksåringen til barna sine.